Hopp til innhold

Frå ekstremtørke til overfløyming

Berre dagar etter at tørketragedien råkar Afrikas horn, er det no overfløyming i den somaliske byen Mogadishu.

Den alvorlege sveltkatastrofen på Afrikas horn har tatt ei dramatisk vending. Eit ekstremregnvêr har no forverra problema for den kriseråka befolkninga.

Ifølgje All Headline News har 8 born mista livet det siste døgeret grunna regnvêret. Mange av flyktningane har ikkje skjul for regnet og kulda. Dette fører til at dei svakaste av dei kriseråka ikkje klarar å overleve påkjenningane det er å overnatte utan ly for regnet og nattekulden.

– To av sønene mine var blant dei som har mista livet i leiren i natt. Ein av dei var ein 3 månader gammal baby, og den andre var ein 2 år gamal gut, fortalde flyktningen Nur Maday.

Flyktningane i Mogadishu lev i svært dårlege forhold. Den humanitære hjelpen er førebels svært begrensa.

Det kraftige regnet varte over 24 timar i strekk, og har ført til stor innverknad på transport og infrastruktur i den krigsherja hovudstaden.

Video Overfløyming Somalia

Sørgeleg ironisk: Ekstremregnvêr er inga trøyst for tusenvis av kriseråka flykningar.

SISTE NYTT

Siste nytt