Hopp til innhold

Forskarar undersøkjer klima-fenomen: Isbre vart rosa

Delar av snøen på Presena-breen i Italia har vorte rosa på grunn av algar. No smeltar den mykje raskare på grunn av fargeendringa.

Presena-isen

SMELTAR: Forskarar undersøkjer isen på Presena-breen som har vorte rosa på grunn av algar.

Foto: Miguel Medina / AFP

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Overoppheting av planeten vår er eit problem, det siste vi trong no er algar, seier turist Marta Durante.

Ein annan turist, Elisa Pongini frå Firenze, meiner klimaendringane blir stadig tydelegare.

– Etter min meining blir dei atmosfæriske fenomena forverra.

Presena-breen, som ligg på 3000 meters høgd i Nord-Italia, har lenge opplevd issmelting som følgje av klimaendringar.

Smeltar raskare

Algen som no invaderer isen gjer ikkje situasjonen betre. Normalt reflekterer is meir enn 80 prosent av strålinga til sola tilbake i atmosfæren, men algane tilfører isen ein mørkare, rosaaktig farge.

Den mørke fargen absorberer meir energi. Dermed smeltar òg isen raskare på grunn av fargeendringa.

Algen er kjend som Ancylonema nordenskioeldii, og det blir no debattert kor han kjem frå.

Presena-breen

Algen er kjend som Ancylonema nordenskioeldii.

Foto: Miguel Medina / AFP

Kan komme frå Grønland

Biagio Di Mauro frå Italias nasjonale forskingsråd opplyser til AFP at den mest sannsynleg kjem frå Grønland.

– Lite snø og høge temperaturar skaper perfekte forhold for algene, seier han til CNN.

Di Mauro ser heller ikkje bort frå at mengda av turgåarar og skiheisar i området kan ha hatt innverknad på blomstringa av algane.

– Algen er ikkje farleg, det er eit naturleg fenomen som dukkar opp om våren og sommaren i varmare strøk - men også på polane, seier han.

Men for isen i Italia er det altså dårleg nytt.

SISTE NYTT

Siste nytt