Hopp til innhold

Forskar om USA og Nord-Korea: – Gulrot og pisk-taktikken kan slå begge vegar

Nord-Koreas leiar seier han vil stanse atomprøvesprengingar og rakett-testar. Dette skjer før møter med Sør-Koreas president neste veke og eit mogleg møte med Donald Trump i mai.

Dette bør du få med deg før et eventuelt møte mellom Nord-Koreas leder og USAs president Donald Trump.

VIDEO: Tre ting du bør vite om Kim Jong-un.

Nord-Korea har frivillig stansa all testing av atomvåpen og rakettar, ifølgje ein utsegn frå det nordkoreanske nyheitsbyrået KCNA.

Dei vil også stenge testområdet Punggye-ri, der alle seks prøvesprengingane har skjedd.

Nord-korea hevdar dei gjer dette fordi dei har utvikla fungerande atomvåpen, og ikkje treng fleire testar.

– Sjølv om ein ikkje kan vite det sikkert, er det ikkje usannsynleg at dette er sant, seier analytikaren Ankit Panda til BBC.

Forholdet mellom USA og Nord-Korea har hamna i eit dialog-spor

Konflikten på Koreahalvøya er kanskje den farlegaste og mest fastlåste internasjonale konflikten i verda. Dei to landa er framleis formelt i krig, sjølv om dei skreiv under på ein våpenkvileavtale i 1953.

Ein atomkrig på Koreahalvøya kan i høgste grad true verdsfreden.

Kommentator Max Fischer i New York Times meiner den nye dialogen har gjort verda til ein tryggare plass.

– Den største faren var truleg alltid at ei ulukke eller ei misforståing ville føre til ei eskalering som enda i full krig, skriv han.

Geir Helgesen

OPTIMIST: Forskar Geir Helgesen er optimistisk og trur på samtaler mellom Kim Jong-un og Donald Trump.

Foto: NRK

Asia-forskar Geir Helgesen ved Nordisk institutt for Asia-studiar ved universitetet i København er samd i dette. Han fortel at standpunktet til amerikanarane er at dei ikkje belønner dårleg oppførsel. Men under OL i Sør-Korea vart dette vanskeleg.

– Vi må hugse på at det var Sør-Korea som inviterte søstera til Kim til OL. Og dei snakka med kvarandre, medan visepresident Mike Pence sat med steinandlet på rada framfor, seier han.

Helgesen meiner dialog var einaste mogelegheit for USA, skulle dei behalde initiativet i forhandlingane med Nord-Korea.

OLYMPICS-2018-OPENING/

STEINANDLET: USAs visepresident Mike Pence ville ikkje møte nordkoreanarane under OL.

Foto: YONHAP / Reuters

Begge land hevdar dei har overtaket på motparten

USAs president Donald Trump skriv i ei twittermelding at kunngjeringa frå Nord-Korea er veldig gode nyheiter for verda og at han ser fram til toppmøtet med Kim.

Laster Twitter-innhold

Men på heimebane er mange kritiske. Wallace Gregson i National Interest fryktar toppmøtet vil bli ei pinleg affære.

– Vi tilbyr Kim eit møte med presidenten av USA, utan lovnader om å få noko tilbake. Og kva garantiar har vi for at Kim held det han lovar, spør han.

Geir Helgesen fortel at begge leiarar hevdar det er dei som har mest å vinne på møtet:

– Trump seier han har pressa Nord-Korea til forhandlingsbordet, medan Kim hevdar han no har atomvåpen, og at USA no er nøydde til å forhandle med han, fortel Helgesen.

Nord-Korea må vise godvilje før møtet

Helgesen trur kunngjeringa kjem no fordi Kim om nokre dagar vil møte Sør-Koreas president, og i mai vil han truleg møte Donald Trump. Og USA treng eit positivt signal før møtet.

– Men det er lite som tyder på at Kim vil skrote atomvåpenprogrammet. Vi som har observert landet i over 35 år meiner at Nord-Korea har rett i at utan atomvåpen, vil verda raskt gløyme dette landet.

Den nordkoreanske lederen Kim Jong-un under en inspeksjon.

STANS: Den nordkoreanske leiaren seier han innfører stans i atomprøvesprengingar og missiltestar frå laurdag 21. april.

Foto: KCNA

Trump har ein uvanleg stil som gjev håp om løysing

CNNs Chris Cillizza seier at Trump har eit uvanleg stort ego, og ein uortodoks stil. Denne sjølvtilliten kan vere det som skal til for å løyse ei av verdas mest fastlåste konfliktar, meiner han.

Geir Helgesen er samd i dette. Men samtidig med dialogen, kjem Trump også med truslar. Trump har sagt at fører ikkje samtalane fram, vil han reise seg frå forhandlingsbordet.

– Denne gulrot og pisk-taktikken kan slå begge vegar, for ein skal vere forsiktig med å true i forkant av forhandlingar i Asia, seier Helgesen.

Samtidig er det eit komplisert regionalt spel. Kina er ein stor maktfaktor som vil blande seg inn.

– Og den japanske statsministeren Abe likar å bruke Nord-Korea som eit skremmebilde, fordi han er pressa på heimebane, fortel Helgesen.

SISTE NYTT

Siste nytt