Hopp til innhold

Adopsjonsforum saksøker staten

Adopsjonsforum går til sak mot staten ved Bufdir og Barne- og familiedepartementet fordi dei meiner norske styresmakter byt med norske og internasjonale reglar i saksbehandlinga av adopsjonar frå Colombia.

Kontrollen med utanlandsadopsjonar har blitt stramma inn, etter fleire avsløringar av ulovlege adopsjonar dei siste åra.

Dette har gjort at folk som ønsker å adoptere må vente på avklaring, og fleire har fått avslag på adopsjon.

Adopsjonsforum seier dei ønsker ei rettsleg vurdering av desse innstrammingane.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no