Hopp til innhold

Nederland forbyr cannabis til turistar

Hasjrøykande turistar på nederlandske «coffeeshops» er heretter ein saga blott. I dag tredde forbodet mot sal til utlendingar i kraft.

Coffeeshop i Amsterdam

Frå og med den 1. januar 2013 har ikkje turistar lenger lov til å vitja nederlandske 'coffeeshops'.

Foto: MICHEL PORRO / AP

Personar som vitjar desse utsalsstadane for lettare narkotiske stoff, som til dømes hasj og marihuana, vil heretter måtte leggja fram identifikasjon og eit offentleg dokument som stadfestar at dei er fastbuande og over 18 år.

«The Opium Act» vil i praksis forvandla «coffeeshops» til private klubbar med krav om medlemsbevis. Er du turist, får du uansett ikkje innpass.

Motvilje i Amsterdam

Lokale styresmakter er ansvarlege for å handheva forbodet.

Sentrum-venstre koalisjonen som tok over makta etter dei konservative i september i fjor, har eit meir liberalt syn på problematikken enn sine forgjengarar, og har opna for at kvar region gje uttrykk for sine synspunkt på saka.

Lokale styresmakter og coffeeshop-eigarar i Amsterdam ventar store inntektstap som følgje av turist-flukt dersom dei innfører «The Opium Act», og vil ifølgje BBC førebels ikkje implementera turist-nekten,

Ordføraren Eberhard van der Laan, har lenge stått på barrikadane for å hindra eit forbod mot cannabis-sal til turistar.

Han meiner forbodet berre vil føra til meir ulovleg gatesal.

– Halvannan million turistar vil ikkje seia «det er ikkje meir marihuana». Dei vil gå over heile byen og leita etter dopet, sa ordførar Eberhard van der Laan til BBC i fjor vinter.

Vil stoppa «narkoturistar»

Tre sørlege regionar i Nederland innførte forbodet allereie i mai 2012. Frå den 1. januar 2013 blir den nye, kontroversielle lova gjeldande i store delar av landet.

Nederland er verdskjent for sin liberale narkotikalovar, og coffeeshops har vore eit trekkplaster for turistar frå fjern og nær.

Det finst per i dag om lag 650 «coffeeshops» i Nederland. Ein tredel av desse utsalsstadane ligg i hovudstaden.

Med den nye innstramminga ønskjer styresmaktene å redusera talet på narkoturistar. Motstandarar har stempla forbodet som «tourism suicide».

Det er nemleg berekna at 1,5 millionar av utlendingane som kjem til Amsterdam kvart år er såkalla «narkoturistar» - tilreisande med mål om å kjøpa og røykja hasj.

Coffeeshop-industrien genererer årleg inntekter på om lag 500 millionar dollar, eller 2,8 milliardar norske kroner.

(Artikkelen held fram under biletet)

Demonstrant holder skilt med «Slutt med hasj-passet»

'Slutt med hasj-passet' står det på skiltet til denne mannen som demonstrerte i Maastrich, der forbodet mot sal av cannabis til turistar blei gjeldande allereie i mai 2012.

Foto: PETER DEJONG / Ap

På sjølvstyr

I 2009 sa regjeringa at turistane sin bruk av cannabis hadde kome heilt ut av kontroll, og varsla strengare narkotikalovar.

Lovendringa som no har tredd i kraft er ein del av ein strammare narkotikapolitikk som koalisjonen med dei konservative i spissen innførde då dei tok over makta i 2010.

SISTE NYTT

Siste nytt