FN opplyser torsdag at organisasjonen kjem til å oppretta ein eigen kommisjon som skal granska alvorlege brot på menneskerettane i Nord-Korea, ifølgje nyheitsbyrået AP.
FN mistenkjer at det går føre seg så grove og systematiske brot at nordkoreanske styresmakter kan vera skuldige i lovbrot mot menneskja.
- LES SAK OG SJÅ VIDEO: Han rømte etter 23 år i nordkoreansk skrekkleir
Nord-Korea: «Oppspinn og politisk spel»
Menneskerettsrådet vedtok i dag ein resolusjon for å setja saman ein kommisjon til å undersøkja «dei systematiske, omfattande og grove brota på menneskerettane i Den demokratiske folkerepublikken Korea (..) med mål om å stilla dei skuldige til ansvar, særleg på punkt der desse lovbrota tilsvarar lovbrot mot menneskja».
Det var Japan og EU, med støtte frå vestlege land som blant anna USA, som fremja resolusjonsforslaget. Fellesfråsegnet blei samrøystes vedteke av dei 47 medlemslanda i rådet.
Nord-Korea sin ambassadør til FN i Geneve, Pyong Se So, var raskt ute med å dømma granskinga nord og ned.
Ambassadøren argumenterte mot granskinga med påstandar om at rådet er «fullt av oppspinn og politisk spel» med mål om å« vanæra inntrykket av Den demokratiske folkerepublikken Korea».
Rapport om tortur og hungersnaud
Bakgrunnen for granskingsvedtaket er blant anna at FN sitt menneskerettsråd tidlegare denne månaden fekk presentert ein rapport frå sin spesialrapportør på Nord-Korea.
Marzuki Darusman, som står bak rapporten, er sjølv nekta innpass i landet, og har basert sin analyse av situasjonen på intervju med nordkoreanarar som har lukkast i å flykta frå landet.
I rapporten blir det hevda at styresmaktene i Pyongyang er skuldige i ei rekkje lovbrot mot menneskja, blant anna å utsetja folket for hungersnaud, tortur, fengsling utan rettsleg grunn og for brot på ytringsfridomen.
- LES OGSÅ: FN: Kronisk matmangel i Nord-Korea
- LES OGSÅ:
– 200.000 politiske fangar i arbeidsleirar
Spesialrapportøren meiner også det er grunn til å vera uroa over ei rekkje fangeleirar i landet. Ein reknar med at så mange som 200.000 menneske sit innesperra som politiske fangar i desse leirane. Dette inkluderer born som er fødde i fangenskap etter at heile familiar blei sperra inne.
Høgkommisæren for menneskerettar, Navi Pillay, møtte tidlegare i år to overlevande som har flykta frå fangeleirar i Nord-Korea.
– Historiane deira var svært opprivande, med ustyrleg valdsbruk, inkludert tortur, vilkårlege avrettingar, valdtekter, slavearbeid og ulike former for kollektiv avstraffing som er å rekna som lovbrot mot menneskja, sa Pillay.
Resolusjonen som kom torsdag fordømmer ei lang rekkje overgrep - «særleg bruken av tortur og arbeidsleirar mot politiske fangar og deporterte personar».
Resolusjonen oppmodar også styresmaktene i Nord-Korea om å umiddelbart slutta med slik praksis og om å uvilkårleg sleppa fri alle politiske fangar. Rådet ber også regimet om å samarbeida fullt og heilt med granskingskommisjonen.
Hermetisk lukka med krigersk retorikk
Nord-Korea er eitt av dei mest lukka og isolerte landa i verda, og grensa mellom Nord- og Sør-Korea er den tyngst militariserte i verda.
Kim Jong-un har den suverene maktposisjonen i landet. Han tok over i desember 2011 etter far sin, som sjølv tok over etter sin far i 1994. Nord-Korea er difor kalla «det første kommunistiske dynastiet».
Situasjonen mellom dei to landa på halvøya har den siste tida vore svært spent. Nord-Korea har nyleg retta trugsmål om åtak mot både Sør-Korea og mot USA, også med atomvåpen.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: