Hopp til innhold

USA utvidar rakettforsvar i Alaska som svar på nordkoreansk trussel

USAs forsvarsminister Chuck Hagel varslar at landet vil utplassere 14 nye rakettforsvarsbatteri i Alaska etter dei siste truslane frå Nord-Korea.

Nord-koreansk rakett

Det nordkoreanske atom- og rakettprogrammet skaper hovudbry for USA. No vil landet styrkje rakettforsvaret i Alaska.

Foto: Lee Jin-man / Ap

Hagel sa dette på ein pressekonferanse i Washington DC i kveld norsk tid. Frå før har USA plassert ut 30 slike batteri i California og Alaska.

Truslar frå Nord-Korea

Chuck Hagel

Forsvarsminister Chuck Hagel vil plassere ut 14 nye rakettforsvarsbatteri i Alaska.

Foto: CHIP SOMODEVILLA / Afp

Nord-Korea har den siste tida kome med stadig nye truslar om angrep mot USA, også med atomvåpen. Landet har også erklært at våpenkvileavtalen med Sør-Korea ikkje lenger er gyldig .

Bakgrunnen for dei nordkoreanske truslane er at USA har gått i bresjen for endå sterkare sanksjonar mot den meir og meir isolerte staten nord på den koreanske halvøya. USA og Sør-Korea har også gjennomført ei større felles militærøving nær grensa til Nord-Korea.

LES OGSÅ: Nord-Korea truer med å «utslette» grenseøy

LES OGSÅ: Sørkoreanerne vil utvikle egne atomvåpen

Omfattande sanksjonar

Nord-Korea gjennomførde ei ny atomprøvesprenging i februar, og landet har varsla at det kan kome nye slike prøvesprengingar. Landet har i harde ordelag truar både USA og Sør-Korea med angrep.

Sanksjonane mot landet har blitt stadig meir omfattande. Det nye er at Kina også har støtta innføring av nye sanksjonar mot Nord-Korea i Tryggingsrådet i FN. Kina har tidlegare stått på god fot med regimet i Pyongyang, men no verkar det som om tolmodet med nabolandet er i ferd med å bli borte.

LES OGSÅ: Korea-krisa trappes ytterligere opp

SISTE NYTT

Siste nytt