Hopp til innhold

FN fryktar dei ikkje lenger kan beskytte sivile

Etter intense bakkekampar i Khan Younis tidleg søndag, evakuerer folk enda lenger sør. UNRWA-sjef fryktar at den stadige evakueringa sørover, vil drive palestinarane ut av Gaza.

Bilde viser bomba bygningar på avstand. Mykje røyk stig opp.

Det blir meldt om bakkekampar i Khan Younis sør på Gazastripa søndag morgon, eit område mange tusen palestinarar har evakuert til.

Foto: Menahem KAHANA / AFP

Israelske styrkar har bevegd seg sørover på Gazastripa, og tidleg søndag morgon skal det ha vore bakkekampar mellom Hamas og israelske soldatar inne i Khan Younis by. Også den palestinske militante gruppa «Islamsk hellig krig» skal ha deltatt i kampane, ifølge kjelder i Hamas til nyheitsbyrået AFP.

Journalistar tilknytt Reuters besøkte ruinane etter at eit leilegheitsbygg blei treft i eit angrep søndag morgon. Ein yngre mann fortel at familien hans, som skal ha blitt drepne i angrepet, vurderte å evakuere lenger sørover i går, men valde å vente til i dag.

– Vi vurderte å reise tli Rafah eller al-Mawasi, men vi har høyrt at folk har blitt drepne i angrep i Rafah, så vi ville vente til i dag, seier Ahmed Abdel Wahab.

Det er klar blå himmel. Vegen er av sand. Ein lastebil full av menn står fremst i biletet. Bak er ein liten bil med fleire madrasser og paller på taket.

Fleire bebuarar i Khan Younis bestemde seg søndag for å flykte lenger sørover.

Foto: SAID KHATIB / AFP

Det herskar stor forvirring rundt kvar det faktisk er trygt å opphalde seg no.

Søndag kalla sjefen for Verdas helseorganisasjon (WHO), Tedros Adhanom Ghebreyesus, inn til eit hastemøte, der situasjonen i Gaza var øverst på agendaen:

– Når stadig fleire menneske blir flytta til mindre og mindre område, fører det til overbefolkning. Kombinert med mangel på nok mat, vatn, ly og sanitære forhold, er dette ideelle forhold for spreiing av sjukdommar, sa han.

Også bebuarar i den «trygge sona» i al-Mawasi rapporterer om diaré og oppkast, mangel på vatn og tilstrekkeleg med mat.

Ghebreyesus la til at WHO har registrert 448 angrep på helsesenter på Gazastripa og den okkuperte Vestbreidda sidan 7. oktober, i tillegg 60 angrep i Israel:

– Arbeidet til helsearbeidarar er umogleg, og dei står midt i skotlinja.

«Menneskeleg flipperspel»

Israel har fleire gonger oppretta område som skal vere trygge soner for sivile å opphalde seg i, men det har kome motstridanade beskjedar om kvar desse sonene er.

FNs generalsekretær Antonio Guterres reagerer på at sivile i det heile tatt blir bedt om å flytte på seg, og særleg mellom mindre landområde, der ein ikkje har tilgang til noko av det grunnleggande ein treng for å overleve. Han kalla det heile for eit «menneskeleg flipperspel».

Philippe Lazzarini, sjef for FNs hjelpeorganisasjon for palestinarar (UNRWA), skriv i ein kronikk i Los Angeles Times at han fryktar at den stadige evakueringa av palestinarar sørover, er ein strategi for å presse folket ut av Gaza og inn i Egypt.

– Neste etappe er i gang, å tvinge folk ut av bysenteret i Khan Younis, og nærare den egyptiske grensa, skriv Lazzirini.

Guterres står på talarstolen i dress. Bak han er Doha-bannarar, med logoen til konferansen.

FNs generalsekretær Antonio Guterres kritiserer Israels krigføring, og ber om betre beskyttelse av sivile.

Foto: Menahem KAHANA / AFP

Både Guterres og Lazzarini er søndag i Qatar i forbindelse med den internasjonale konferansen Doha Forum.

Guterres gjentok bodskapen om at FN vil jobbe på for å få til ei humanitær våpenkvile på Gazastripa.

Kort tid etter blei dette avvist av Israels statsminister, Benjamin Netanyahu. Han viste til at ein ikkje både kan støtte eliminering av Hamas, som er Israels mål med krigen, og på same tid be om å stanse krigen.

FN kan ikkje beskytte sivile

UNRWA-sjef Lazzarini uttrykte uro over at FN ikkje lenger kan beskytte sivile.

Om lag 1,2 millionar palestinarar søker no tilflukt i 156 av FNs krisesenter på Gazastripa.

– Folk kjem til FN for å søke beskyttelse, men sjølv det blå flagget er ikkje lenger beskytta, sa Lazzarini under talen sin i Doha søndag.

Han kalla situasjonen for den verste han nokosinne har sett, og la til at verda med dette har svikta palestinarane.

SISTE NYTT

Siste nytt