Hopp til innhold

Flyttar 42 landsbyar på grunn av klimaendringane

FIJI (NRK): – Vi er ikkje trygge i dette huset. Det er store sprekkar her. Vatnet fløymer inn rundt huset kvar einaste gong det er flo sjø. Kelepi Saukitoga på Fiji ser ingen annan utveg enn å flytte.

Klimaendringene fører til at havnivået stiger. På Fiji må minst 40 landsbyer flyttes.

Kelepi Saukitoga og familien må pakke og dra. Havet er i ferd med å ta knekken på huset.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Vi er i landsbyen Narikoso på Fiji. Kelepi Saukitoga og familien bur i det huset som står nærast havet. Men snart blir dette huset ståande tomt. Det er umogeleg å bu her. Han og familien må komme seg vekk. Huset er i ferd med å falle frå kvarandre.

– Det er ein stor sprekk her, seier han og viser fram ein takbjelke som er i ferd med å dele seg i to.

Takbjelke med sprekker

Huset heng ikkje heilt saman etter at havet har rista i det igjen og igjen.

Foto: Eivind Molde / NRK

– Også i kjøkkenet er det store sprekkar – både i veggene og i golvet. Rett som det er, kjem det nye sprekkar i golvet, fortel han.

Narikoso er ein av mange landsbyar der folk førebur seg på å flytte. Styresmaktene her på Fiji har peika ut 42 landsbyar skal flyttast meir unna havet. Men det kan bli langt fleire. Tre landsbyar er flytta allereie.

Kelepi Saukitoga i Narikoso

Kelepi Saukitoga må flytte vekk frå havet.

Foto: Eivind Molde / NRK

Bort frå havet

Kelepi Saukitoga sitt hus står – saman med seks andre – i den såkalla raude sona i Narikoso. Alle desse husa skal snart tømmast for folk. 40 menneske er på flyttefot.

Havet stig. Muren dei bygde for mange år sidan, gjer liten nytte. Høg vass-stand er den nye normalen her.

– Vi gjer oss klare å flytte, seier Saukitoga.

– Eg må tenkje på borna mine. Dei skal sleppe å oppleve desse problema meir. Eg vil sjølvsagt at familien min skal vere trygg.

– Heile familien er redd. Vi ser fram til å flytte, seier han. – Og tenk på korleis det kan vere her i orkansesongen. Kraftig vind og høge bølgjer gjer situasjonen endå verre.

Narikoso

Narikoso ligg tett ved havet. Nye hus skal byggjast i eit område oppe til høgre i biletet.

Foto: Eivind Molde / NRK

– Alle burde flytte

Det bur rundt 100 menneske i Narikoso. Folk her lever av jordbruk og fiske. Straumen får dei frå ein generator. Dei er i ferd med å gå over til solenergi. Forsamlingshuset er møtestaden, forutan dei to kyrkjene, ei metodistkyrkje og ei katolsk.

Det er altså berre dei som bur nærast havet som skal flytte. Landsbysjefen mislikar avgjerda.

– Det er veldig trist for oss at flyttinga berre omfattar sju hus. Vi ville gjerne at alle som bur i byen kunne flytte opp samtidig, seier Bulou Katarina Rarasea.

– Korfor det?

– Det er utrygt her. Av og til, når tidvatnet kjem inn om kvelden, er vi usikre på om vatnet vil stanse ute ved den muren som er bygd, eller om det vil fløyme inn over heile byen, seier ho.

Landsbysjef Bulou Katarina Rarasea

Landsbysjefen i Narkikoso, Bulou Katarina Rarasea vil helst at alle i byen skal flytte.

Foto: Eivind Molde / NRK

– Borna mine skal sleppe å leve i frykt

Kelepi Saukitoga viser oss den nye staden der han og familien skal bu. Det er mindre enn 100 meter frå landsbyen, eit stykke oppe i lia. Her skal dei nye husa komme. Byggjearbeidet startar rett over nyttår.

Han ser ned mot landsbyen og mot havet utanfor.

– Eg vil berre prøve å leggje alt best mogeleg til rette for borna mine, seier Saukitoga. Her kan dei vere trygge, her skal dei sleppe å frykte at huset skal bli tatt av havet.

Det er også ein annan fordel med å flytte.

– Her får vi betre mobilsamband, seier han. Det blir lettare å halde kontakt med omverda, og det er viktig i tilfelle vi har behov for å tilkalle hjelp av ein eller annan grunn.

Gabor Sasvari fra GIZ

Rådgjevar Gabor Sasvar i det tyske selskapet Deutsche Gesellschaft für Internationale Zusammenarbeit (GIZ) på staden der dei nye husa skal byggjast – på trygg avstand frå havet.

Foto: Eivind Molde / NRK

EU og Tyskland betaler

Det er EU og Tyskland som tek størstedelen av rekninga. Det tyske selskapet Deutsche Gesellschaft für Internationale Zusammenarbeit (GIZ) leier prosjektet, i samarbeid med styresmaktene på Fiji. Dei har fleire prosjekt under arbeid i Stillehavsområdet, og samarbeider med styresmaktene i til saman 15 land om ulike løysingar for å handtere følgjene av klimaendringane.

– Her i Narikoso handlar det akkurat no om å få opp nye hus, noko som er heilt nødvendig som følgje av at havnivået stig, fortel rådgjevar Gabor Sasvari.

– Ein ting er at husa nær havet ikkje kan brukast meir. Ein annan ting er at den tradisjonelle matproduksjonen blir påverka. Mattryggleiken er trua, seier han.

Korallrev Fiji

Korallreva på Fiji er vakre å sjå på. Men dei blir negativt påverka av surare hav.

Foto: Eivind Molde / NRK

Ikkje berre havnivået

– Både landbruk og fiske blir ramma av klimaendringane. Surare hav gir mindre fisk. Endra vêrmønster gir mindre avling. Saltvatn trengjer seg inn i det som var jordbruksland. Matproduksjonen må derfor tilpassast eit endra klima, seier han. Blant anna hjelper vi folk med å gå over til andre frukt- og grønnsaksvariantar.

– Vi arbeider for å finne løysingar som betrar levekåra for folk både her i Narikoso og andre utsette landsbyar.

Han understrekar at det å flytte heile eller delar av ein landsby, er ein omfattande og utfordrande operasjon. Saman med styresmaktene på Fiji har GIZ arbeidd ei tid med å utarbeide retningslinjer for dette. Han håpar erfaringane her frå Narikoso kan komme til nytte andre stader i regionen.

Karoko

I landsbyen Karoko er det bygd ein mur som skal hindre vatnet i å trengje inn i landsbyen. Men den fungerer ikkje godt nok. Vatnet pressar seg forbi i begge endar. Anten må muren byggjast ut, eller så må innbyggjarane flytte.

Foto: Eivind Molde / NRK

– Flytting er siste utveg

– Fleire og fleire vil måtte flytte, seier Sasvari. Over 40 landsbyar på Fiji er peika ut til no. Det blir gjennomført analysar av situasjonen ei rekkje stader på Fiji, og talet vil truleg nå 100, men dette er ikkje endeleg klart enno. Rundt 60 prosent av lokalsamfunna på Fiji har utfordringar som følgje av klimaendringane, seier han.

– Det gjeld matryggleik, endring i vêrmønster, ekstreme verforhold, flaum, havnivåstiging, kysterosjon etc.

Men Sasvari understrekar at flytting må vere siste utveg. Og heile landsbyen må stå samla bak avgjerda, seier han.

Fiji er det første landet i Stillehavsområdet som er i gang med ei så omfattande flytting av heile landsbyar vekk frå kysten.

Statsminister på Fiji, Frank Bainimarama

– Vi er nøydd til å flytte landsbyane, seier statsminister Frank Bainimarama.

Foto: Eivind Molde / NRK

– Det hastar

I byen Nadi møter vi statsminister Frank Bainimarama. Han understrekar alvoret i situasjonen.

– For oss er dette noko som hastar, seier Bainimarama. Vi er nøydde til å flytte folk høgare opp, vekk frå kystlinja. Det jo er heilt opplagt: Vi ser vatnet fløyme inn i landsbyane, skulegardane ligg under vatn, gravstadene ligg under vatn. Det er ingen annan utveg enn å flytte, seier han.

– Du ser det kanskje ikkje så tydeleg i dei større byane, men når du kjem rundt i landsbyane langs kysten, er situasjonen ein annan. Folk ber om å få ein mur som vernar mot havet, dei ber om å få flytte høgare opp. Alt dette kostar, sjølvsagt, og situasjonen er veldig alvorleg, seier han.

Innbyggere i Karoko

Både born og vaksne i landsbyen Karoko er spente på kva framtida vil by på. Kanskje må dei flytte fordi havet kjem for nær.

Foto: Eivind Molde / NRK

Store klimaendringar

Det meteorologiske instituttet på Fiji har hovudkontor i Nadi. Fiji Meteorological Service har ansvar for tradisjonell vêrmelding for Fiji, dei varslar vêret til sjøs for store havområde, og har eit regionalt senter for overvaking og varsling av syklonar.

Senteret har ansvar for eit område på 23 millionar kvadratkilometer i det sørvestlege Stillehavet. Dei overvaker også den langsiktige klimautviklinga i regionen.

Fiji blir rekna som eit av dei landa som er mest sårbare for klimaendringar.

Direktør Ravind Kumar gir oss seks stikkord for klimaendringane som dei registrerer i dette området: Lufttemperatur, havtemperatur, havnivå, havforsuring, tropiske syklonar og regnvêr.

Vunisavisavi

Dette er Vunisavisavi, ein landsby med 14 bustadbus. Husa nærast havet er fråflytta, og det er bygd fire nye hus oppe i bakken, eit stykka unna (nærast oss i biletet).

Foto: Eivind Molde / NRK

– Det blir verre

Havnivåstigninga globalt ligg i gjennomsnitt på rundt tre millimeter i året. I området ved Fiji stig havet dobbelt så mykje kvart år. Seks millimeter i året blir til saman mellom 14 og 15 centimeter i perioden frå 1993.

Direktør Ravind Kumar, Fiji Meteorological Service

Ravind Kumar er direktør for Fiji Meteorological Service i Nadi.

Foto: Eivind Molde / NRK

– Reint matematisk høyrest dette kanskje ikkje så mykje ut, men effekten lokalt er stor, seier Kumar. Blant anna vil vatnet fløyme lenger inn over land når det er høgt tidvatn. Når det er storm, vil effekten av bølgjene merkast i større grad. Og vi ser jo at det blir meir intenst ekstremvêr, seier han.

Det er også store lokale variasjonar i havnivået.

Dersom utsleppa av klimagassar held fram på same nivå som i dag, vil havet rundt Fiji kunne stige med rundt 60 centimeter innan år 2100. Det viser prognosane frå FNs klimapanel.

Grafikk havnivå WMO

Fiji ligg i eit område der havnivået stig meir enn gjennomsnittet. Grafikk: WMO

– I verste fall snakkar vi om nærare ein meter, seier Ravind Kumar.

– Dette må vi vere førebudde på. Vi må tilpasse oss eit klima i endring. For mange landsbyar ved kysten vil nok re-lokalisering vere det einaste alternativet, seier han.

Vunidogoloa

Her stod det hus før, men dei er tekne av havet. Husa som vi skimtar inne i skogen, er fråflytta.

Foto: Eivind Molde / NRK

Den første landsbyen som blei flytta

Vunidogoloa er den første landsbyen på Fiji som blei flytta som følgje av klimaendringane. Arbeidet starta i 2012 og var fullført to år seinare. Byen har rundt 30 hus.

På stranda møter vi landsbysjef Sailosi Ramatu. Han har levd her i Vunidogoloa heile livet.

– Alle husa som stod nærast vatnet, er hamna i havet, fortel han. Havnivået har stige, vatnet har grave seg lenger og lenger inn.

Her stod huset

– Her stod det første huset mitt, fortel Sailosi Ramatu.

Foto: Eivind Molde / NRK

Tre gonger har han og familien flytta vidare innover i byen. Men vatnet kom etter.

– Heile byen var dekka av vatn. Det låg vatn ut over heile området her, fortel han.

Vi følgjer han innover frå stranda. Husa vi ser her inne i skogen, står alle tomme. Folk har flytta.

– Det ligg vatn under grunnen over alt. Saltvatnet gjer det umogeleg å dyrke noko her.

Derfor bestemte vi oss for å flytte til ein ny stad, fortel Ramatu.

Vunidogoloa - den nye byen

Fire kilometer frå havet ligg den nybygde landsbyen Vunidogoloa. Det er den første landsbyen på Fiji som blei flytta som følgje av klimaendringane.

Foto: Eivind Molde / NRK

– Ein realitet

Fire kilometer unna, oppe i ei li, ligg den nye byen. Husa har langt betre standard enn før, alle har innlagt vatn, bad og toalett. Straumen kjem frå solcellepanel. Det er laga fire dammar der det er sett ut fisk.

Nye Vunidogoloa

Det er blitt fint i «nye Vunidogoloa».

Foto: Eivind Molde / NRK

Sailosi Ramatu skulle gjerne budd ved havet. Og det er upraktisk å bu så langt unna når folk i byen skal ut og fiske. Men han er ikkje i tvil om at det var nødvendig å flytte.

Han har gjort seg sine tankar etter å ha opplevd på kroppen kva det vil seie å måtte flytte fordi havet blei ein trussel.

– Dette er dei realitetane vi opplever. Slik verkar klimaendringane. Vi er vitna, vi er ofra. Som dei første her på Fiji som blei flytta, vil vi gjerne seie følgjande: Det er ingen tvil, klimaendringar er ein realitet.

Sailosi Ramatu i Vunidogoloa

Sailosi Ramatu framfor det nye huset i Vunidogoloa.

Foto: Eivind Molde / NRK

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.