Hopp til innhold

Fjellklatrarar vitne til massakre

Ei gruppe danske fjellklatrarar vart nyleg vitne til at kinesiske soldatar skaut og drap åtte tibetanarar i Himalaya.

Dalai Lama er den åndelege overhovudet for tibetanarane.
Foto: B MATHUR / REUTERS

Det var 30. september dei danske fjellklatrarane opplevde det dei kallar eit forferdeleg blodbad på ein isbre i fjellpasset Nang Pa Pa på grensa mellom Kina og Nepal.

Pierre Maina, ein av dei danske klatrarane, seier til avisa Politiken at dei låg og sov i telta sine tidleg om morgonen då dei høyrde smell.

Frykta snøras

Maina frykta det var snøras, kledde på seg i ei fart og sprang ut av teltet for å finne ut kva som hadde skjedd. Og han vart raskt klar over at det ikkje var snakk om snøras.

- Vi såg ein flokk kinesiske soldatar som sprang rundt på isbreen og skaut mot ein tibetansk karavane. Vi finn seinare ut av det var åtte drepne, fortel den unge dansken til Politiken. Han er framleis djupt skaka etter det som hende.

Pierre Maina var med på ein dansk ekspedisjon som hadde  vore på toppen på det sjette høgste fjellet i verda, Cho Oyu, 8201 meter over havet.

Det var både vaksne og born med i karavanen, ein greidde å flykte og åtte småborn vart sparde. Dei åtte borna vart førde bort av dei kinesiske soldatane, fortel Maina.

To av dei drepne var tenåringar, legg han til.

Dei fire danske fjellklatrarane såg ofte tibetanske karavanar på turen, sjølv om det er ulovleg for tibetanarar å krysse grensa til Nepal. Berre i heilt spesielle tilfelle blir det gitt løyve til slike grensepasseringar.

Fleire soldatar

I løpet av dagen 30. september kom det fleire soldatar til breen der massakren hadde gått føre seg, fortel Pierre Maina. Det verka som om dei hadde høgare rang, og dei gjekk rundt på breen og inspiserte lika.

- Dei tok bilete av lika og kasta dei etterpå ned i bresprekkar. Det er tydelegvis slik dei kvittar seg med lik på dei kantar, seier Maina til Politiken.

Ein av deltakarane i karavanen greidde å kome seg unna, og søkte tilflukt i den danske leiren. Her greidde han å gøyme seg i toalett-teltet. Dei lokale som jobba for den danske ekspedisjonen torde ikkje å ha noko med flyktningen å gjere, men ein rumensk fotograf som var med gav han mat og klede.

På denne måten kom mannen seg vidare, men danskane veit ikkje om han greidde å kome seg unna dei kinesiske patruljane.

Tibetanarane skal ha vore på veg til India for å vitje Dalai Lama, det åndelege overhovudet for tibetanarane som lever i eksil i India. Få av tibetanarane som greier å kome seg til India vender tilbake til Tibet.

SISTE NYTT

Siste nytt