Minst 16 menneske vart drepne i terroraksjonen mot Hotel Paradise i Mombasa. (Foto: Antony Njuguna, Reuters)
Ministeren for indre tryggleik i Kenya, Julius Sunkuli, sa på ein pressekonferanse i føremiddag at det ikkje er påvist noko samand mellom dei arresterte og det internasjonale terrornettverket Al Qaida, men at etterforskinga held fram for fullt.
Politiet meiner også at det er lite som tyder på at ein spansk mann og ei amerikansk kvinne som er arresterte har noko med terrorangepa torsdag å gjere. Dette ekteparet vart sette fri litt seinare på føremiddagen.
Alicia Kalhammer frå Florida og ektemannen Jose Tena frå Madrid sa dei hadde det bra etter at dei vart sette fri.
- Om du er på feil stad til feil tid, så kan ting skje, også i Kenya, sa Tena til journalistane som hadde møtt fram utanfor politistasjonen då dei vart sette fri.
Ekteparet vart arresterte etter at dei prøvde å sjekke ut av eit hotell som ligg fem kilometere unna det bomberamma Paradise Hotel rett etter eksplosjonen. - Vi tilrår folk å reise til Kenya. Det er eit fantastisk land, sa Alicia Kalhammer.
12 utlendingar vart arresterte etter terrorangrepa i Mombasa. Seks av dei er frå Pakistan og fire er frå Somalia.
Minst 16 menneske vart drepne då tre personar køyrde ein bil lasta med sprengstoff inn i resepsjonen til Paradise Hotel og detonerte sprengladningen. Tre israelarar var blant dei drepne, dei andre var frå Kenya. Omlag samstundes vart eit israelsk fly forsøkt skote ned rett etter avgang frå flyplassen i Mombasa.