Ei økonomisk katastrofe er avverja etter at Representanthuset stemte for lovforslaget som hever grense for kor mykje den amerikanske staten kan låne.
Natt til onsdag vart eit heva gjeldstak vedteke med stort fleirtal.
314 stemde ja. 117 stemde nei.
Dermed går forslaget vidare til senatet der det truleg vil bli vedteke før helga.
For måndag 5. juni kan ikkje USA lenger betale rekningane sine utan å låne meir pengar.
Tverrpolitisk kompromiss
USAs president Joe Biden hylla avstemminga frå Representanthuset onsdag.
– Denne avtalen er gode nyheiter for det amerikanske folket og den amerikanske økonomien, seier Biden i ei fråsegn.
Han seier at budsjettavtalen er eit tverrpolitisk kompromiss
– Eg oppmodar Senatet til å vedta det så raskt som mogleg, slik at eg kan signera det i lova, og landet vårt kan halda fram med å byggja den sterkaste økonomien i verda, seier Biden.
Flest demokratiske stemmer
Amerikanske politikarar har den siste veka vore djupt splitta om detaljane.
Spesielt har ei gruppe Republikanarar på ytre-høgre-sida stilt seg hardt imot vilkåra i lovforslaget, som dei meiner ikkje er avgrensande nok på pengebruken til staten.
Minoritetsleiar for Demokratane, Hakeem Jeffries, lova likevel før avstemminga at McCarthy skulle klare å få stemmene han trengde frå deira parti.
167 demokratar stemte ja. Berre 147 republikanarar gjorde det.
Jeffries sa seint tysdag at han venta at Republikanarane i huset ville oppfylle løftet sitt om å bidra med minst 150 stemmer for lovforslaget, og at det derfor ville vere mogleg å godkjenne.
Foto: J. Scott Applewhite / APMen Kevin McCarthy har klart det.
Med tommel opp frå Representanthuset, går forslaget vidare til Senatet for å bli stemt om der.
McCarthy la skulda på President Biden for at det tok så lang tid å bli einig.
– I 97 dagar sa presidenten nei til å prate med oss. Da eg endeleg fekk snakke med han, kunne vi berre diskutere 11 prosent av budsjettet, sa McCarthy rett etter avstemminga.
Flyttar grensa til 2025
Planen som Biden og McCarthy er einige om, går ikkje ut på å setje ei ny maksgrense for kor mykje gjeld den amerikanske staten får lov til å ha.
Den utset grensa som er der frå før, slik at gjelda i USA i teorien kan auke i det uendelege til dei to åra er omme.
Då vil beløpet gjelda då har nådd opp til, bli det nye gjeldstaket.
Det er dette utkastet av lovforslaget om gjeldstaket Representanthuset stemte på seint onsdag.
Foto: Jon Elswick / APDermed er det truleg ikkje siste gongen gjeldstaket blir eit tema. Forslaget om utsetjing inneber også ei rekke vilkår som dreier seg om kutt i styresmaktene sin pengebruk.
Framleis vil mange økonomar sjå på kompromisset som ein siger dersom det lukkast, fordi konsekvensane av det motsette er så store.
Unngjekk katastrofe for økonomien
Kjem ein til 5. juni utan at alle partane blir einige, vil USA byrje å misleghalde gjelda si, ifølge finansminister Janet Yellen.
Det betyr at staten blir tvinga til å ikkje betale nokre av rekningane den har forplikta seg til, fordi den rett og slett ikkje har tilgang på pengane.
Yellen har fleire gongar sagt at eit slik resultat vil bety «katastrofe», ikkje berre for økonomien i USA, men for marknadane i resten av verda.
I dag er gjelda på størrelse med kring 23 norske oljefond.
Foto: MANDEL NGAN / AFPMen også dersom eit lovforslag blir godkjent, vil det skje endringar som påverkar det amerikanske samfunnet, og spesielt dei i middel- og arbeidarklassen.
President Biden har nemleg sagt ja til ei rekke kutt i staten sin pengebruk for å få Republikanarane i Representanthuset til å heve gjeldstaket.
For eksempel må ein trekke tilbake 10 milliardar dollar som den amerikanske skatteetaten skulle få, for å betre krevje inn skatt frå dei med høgast løn.
Lovforslaget stiller strengare krav til dei som får støtte gjennom matprogrammet i USA, og gjer slutt på Biden sitt program som frys nedbetaling av studielånet til mange amerikanarar.
McCarthy og Biden blei etter kvart einige om lovforslaget som det no har blitt stemt om. Biletet er frå eit møte i Kongressen i februar.
Foto: POOL / ReutersUtanom dette blei McCarthy og Biden einige om å innføre fleire tiltak som gjer prosessen med å godkjenne nye energiprosjekt raskare å fullføre.
Kan fjerne McCarthy frå sjefsjobben
Som del av forhandlingane då han prøvde å bli leiar for Representanthuset i Kongressen, innførte McCarthy ein regel som seier at kven som helst av representantane kan krevje ei avstemming om fjerne han som ordstyrar.
Dette kan altså skje til ei kvar tid. Men så langt har berre ein Republikanar i opposisjonsgruppa, Dan Bishop frå Nord-Carolina, sagt at han vurderer dette.
På NBC-programmet «Meet the press now» sa representant Ken Buck frå Colorado at dei hadde snakka om dette alternativet innanfor Fridomsmøtet.
Representant frå Texas, Chip Roy, reagerer medan han høyrer på innhaldet i lovforslaget under diskusjonane tysdag.
Foto: EVELYN HOCKSTEIN / ReutersIfølge Buck hadde dei vurdert å vente til dei hadde «kome seg gjennom denne kampen», før dei bestemte seg for om dei ville ha ein til.
Leiar Scott Perry, frå Pennsylvania, var likevel tydeleg om på tysdag kva dei meiner om avtalen.
– Den feiler fullstendig. Det er derfor våre medlem og andre vil stille seg heilt imot avtalen. Vi vil gjere alt i vår makt for å stoppe den og få slutt på dette no.