Ferskvassdelfinen er borte

Det har sikkert gått dei fleste hus forbi, men altså: Etter 20 millionar år på kloden er den kinesiske ferskvassdelfinen erklært utrydda.

Ferskvannsdelfin

Ferskvassdelfinen fotografert i Jangtseelva i 2000.

Foto: VINCENT YU / AP

Kommentar: Gunnar Myklebust
Foto: NRK

Ulovleg fangst og raskt aukande elvetrafikk tok livet av dyret ,som det for noen tiår sidan var tusentals av i Jangtseelva.

I sommar har zoologane leita etter den opp- og nedetter elva på mest vitskapelege vis, utan å finne spor.

Lagnaden til Jangtsedelfinen er ikkje direkte resultat av global oppvarming og klimaendringar, men den er menneskeskapt og heng saman med den kinesiske industrialiseringa og økonomiske veksten.

Klimaversting

Den som har gjort verdas mest folkerike land til miljø- og klimaversting.

Av verdas 20 mest forureina storbyar, ligg 16 i Kina. Bilparken i landet aukar med 15 prosent i året. Den svoltne verdsmarknaden elskar den billige kinesiske arbeidskrafta, og i bygd og by ropest det på meir energi for å drive den raskt aukande produksjonen.

I øyeblikket ligg det føre planar om 300 nye kolkraftverk i Kina. Det blir mye CO2 av det.

Kina er merksam på problemet sitt. Og har uttalt eit svært ambisiøst mål om å redusere CO2 utsleppa med 80 prosent innan år 2050. I eit land som hentar over to tredelar av energien sin frå kol, er det ei formidabel og kostbar oppgåve.

Mål er ikkje vedtak

Men mål er ikkje det same som vedtak, og framleis er den økonomiske veksten overordna i Kina. Det er den dagen klimaendringane får innverknad på veksten, at det vil skje noe.

For Kina kan når det vil. Når dei olympiske sommarleikane i Beijing opnar i august neste år, vil det skje frå skyfri himmel i ein by der sola elles er gøymt bak ei konstant tåke av eksos.

Beijing; Kina

Kina vil ha skyfri himmel over Beijing under OL

Foto: ANDY WONG / AP

Men når kinesarane bestemmer seg for at verda skal få leikane i solskin, blir det slik. Om dei så må sperre av Beijing for biltrafikk i tre månader på førehand.

Derfor kan vi ha håp til Kina også når kreftene skal settast inn mot den globale oppvarminga og klimaendringane.

 

I verdspolitikken er det uventa brått blitt den store tingen, der til og med USAs president har hengt seg på. Dei næraste månadene får verdsleiarane ei rekke høve til å snakke saman: Komande veke skal president Bush til Australia for å møte kolleger frå rundt heile Stillehavet.

Den australske statsministeren har sett klimaendringane øvst på dagsordenen. Seinare i månaden skal FN holde sin klimakonferanse, før Washington byr inn til møte for dei fremste klimagassutslepparane. Og på slutten av året reiser dei alle til Bali, der målet er å få til ein avtale som kan erstatte den frå Kyoto og der alle land på kloden er med og forpliktar seg.

- Det er ennå tid

Da vil det ligge føre ein samla klimarapport frå FN. Den kjem til å konkludere med at det ennå er tid og muleg å avgrense skadeverknadene med ein viss økonomisk innsats.

Men enkelte ting er det for seint å gjøre noe med: Temperaturen på jorda vil auke og havet vil stige. Det vi kan gjøre, er å bremse temperaturauken og stiginga i havet. Det avheng av kor mye pengar vi vil bruke på det. 

Slik sett har klimaforskarane gjort jobben sin. Nå er det økonomane som overtar. Dei spør kva som er mest gagnleg for fattige og rike land, kor effekten av pengane vil vere størst.

Dei spør om vi skal satse på å redusere utsleppa, eller kanskje i staden tilpasse oss ei varmare verd. Dei vil diskutere om vi skal bruke pengane på ny teknologi for å fjerne problemet, eller teknologi som kan reparere skadene.

Teknologi kan reparere?

Noen av dei meiner at det beste vi kan gjøre er å oppmuntre til auka økonomisk vekst, slik at framtidige generasjonar kan bli rikare. Og så overlate til dei å løyse problema!

Som  til dømes å endre dietten til den norske elgen. Skogens konge prompar 200 kilo metan årleg. Omsett til CO2-verdiar er den norske bestanden ein klimatrussel på linje med eit lite kinesisk kolkraftverk. Utan at noen av den grunn vil utrydde arten.

Høyr også: Kina slepp ut mest CO2

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt