NRK Meny
Normal

- Taliban-angriparar nedkjempa i Kabul

Dei fem Taliban-opprørarane som gjekk til angrep på den afghanske valkommisjonen sin bygning i Kabul i dag, er drepne, seier ein talsmann for innanriksdepartementet..

Angrep mot valkommisjonen i Kabul.

Røyk stig opp frå bygningen som er under angrep frå Taliban i Kabul.

Foto: MOHAMMAD ISMAIL / Reuters

Dei væpna opprørarane tok kontroll over ein nabobygning til valkommisjonen, men dei greidde ikkje å kome seg inn i sjølve bygningen, seier ein politimann på staden til AFP.

Talsmann for valkommisjonen, Noor Mohammad Noor, seier til Reuters at dei har høyrt to eksplosjonar inne på området, men at folk inne i bygningen søkte tilflukt i trygge rom. Det skal ha vore minst åtte FN-tilsette inne i bygningen.

Over fire timar

Det tok over fire timar før afghanske tryggingsstyrkar greidde å nedkjempe angriparane. Det har ikkje kome meldingar om at andre enn angriparane har mist livet i kampane.

Angrep i Kabul 29. mars.

Afghanske tryggingsstyrkar vart raskt sett inn mot Taliban-angriparane.

Foto: MOHAMMAD ISMAIL / Reuters

Innanriksdepartementet opplyste først at tre eller fire menn stod bak angrepet, og at dei skaut mot bygningen til valkommisjonen frå nabobygningen. Taliban har teke på seg ansvaret for angrepet,

Politisjefen i Kabul, Mohammed Zahir, seier det er snakk om fire sjølvmordsbombarar, og at dei var væpna med både tunge og lette våpen. Afghanske spesialstyrkar vart sette inn for å stanse angrepet, seier han.

Taliban har varsla ei opptrapping av angrepa sine før presidentvalet 5. april, eit val den islamistiske opprørsgruppa har sagt dei vil gjere alt dei kan for å stanse.

Angrep mot Serena Hotell

Taliban gjekk til angrep mot valkommisjonen også tidlegare denne. I eit angrep mot ein annan bygning tilhøyrande valkommisjonen vart fem menneske drepne.

I går sette organisasjonen i verk eit angrep mot eit gjestehus som ofte blir brukt av utlendingar, der to menneske vart drepne. Torsdag for litt over ei veke sidan gjennomførte Taliban eit angrep mot Serena Hotell i Kabul, der minst åtte menneske vart drepne .

Saka blir oppdatert

LES OGSÅ: Journalist og hans familie drept i angrepet på Serena hotell

LES OGSÅ: Angrepet i Kabul over, barn drept

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt