Hopp til innhold

Demonstrantar blir kontakta av kinesisk politi: – Vi slettar desperat meldingsloggane våre

Etter ei helg med store demonstrasjonar i fleire kinesiske storbyar, har folk som deltok blitt spora opp og ringt av politiet.

Police cars patrol a street in an area where a message that circulated online called on people to gather for a protest against coronavirus disease (COVID-19) restrictions in Beijing

STYRKAR I BEIJING: Kortesjar med politi var framleis å sjå i Beijing tysdag kveld lokal tid.

Foto: THOMAS PETER / Reuters

Fleire personar i Beijing har fortalt BBC at dei har blitt kontakta. Dei seier politiet kravde å få vite kvar dei er hen.

Det er uvisst korleis politiet i byen har oppdaga identitetane deira. Allereie har fleire oppfordra til nye demonstrasjonar i meldingsappen Telegram.

Ei kvinne seier til nyheitsbyrået AFP at ein politibetjent dukka opp utanfor heimen til ein venn, då vedkomande ikkje tok telefonen.

Han skal ha spurt om dei var til stades under demonstrasjonane, og sagt at det var ei «ulovleg forsamling».

Ein annan demonstrant sa til Reuters at dei blei bedne om å møte på politistasjonen med ei skriftleg oppsummering av aktivitetane sine søndag kveld.

Ei tryggingsvakt prøvar å forhindre bilettaking ved porten til Tsinghua Universitet i Beijing. Biletet blei teke på søndag.

Ei tryggingsvakt prøvar å forhindre bilettaking ved porten til Tsinghua Universitet i Beijing. Biletet blei teke på søndag.

Foto: THOMAS PETER / Reuters

Ei tryggingsvakt prøvar å forhindre bilettaking ved porten til Tsinghua Universitet i Beijing. Biletet blei teke på søndag.

Foto: THOMAS PETER / Reuters

Både Telegram og Twitter er blokkerte i Kina. Det er meldt av fleire medium at politiet har stoppa folk på gata for å sjå igjennom telefonane deira for å sjå om dei brukar VPN.

– Vi slettar alle desperat meldingsloggane våre, sa ein demonstrant til Reuters.

– Politiet kom for å sjekke ID-en til ein av vennane mine, og tok henne med seg. Dei sleppte henne fri nokre timar seinare.

Fem lange dagar

Demonstrasjonane i Kina er inne i sin femte dag. Gjennom helga samla store folkemengder seg i både Beijing og Shanghai.

Uroa starta som svar på den såkalla «zero-covid»-strategien, ei rekke strenge smitteverntiltak etter tre år med pandemi i Kina.

Deadly residential building fire in Urumqi, Xinjiang

Ti menneske døydde då denne bustadblokka tok fyr i Urumqi.

Foto: SOCIAL MEDIA / Reuters

Bølga med demonstrasjonar starta sist veke, etter ei bustadblokk brann ned i den nordvestlege byen Urumqi sist veke.

Demonstrantane hevda at dei strenge smitteverntiltaka hindra redningsmannskapa. Ti personar døydde som følge av brannen.

Sinnet som blussa opp har utvikla seg til ein større demonstrasjon mot regimet, som gjekk føre seg gjennom helga.

Virus Outbreak China COVID Rules Explainer

Demonstrantane i Kina krev ein slutt på dei strenge koronarestriksjonane.

Foto: Andy Wong / AP

Demonstrantane i Kina krev ein slutt på dei strenge koronarestriksjonane.

Foto: Andy Wong / AP

Aldri før under Xi Jinping sitt presidentstyre, har så mange kinesarar teke til gatene. Folk held opp blanke ark for å symbolisere sensuren som folket i Kina må leve med.

Under tidlegare protestar har folk kritisert sine lokale styresmakter, men open kritikk mot Jinping har ein ikkje sett i denne skalaen før.

Nokon effekt har det hatt. Dei regionale styresmaktene i Guangdong har letta litt på restriksjonane sine etter at demonstrasjonane starta, melder Reuters.

Sensuren av sosiale medium har likevel auka drastisk, ifølge BBC:

Ti millionar innlegg skal ha blitt filtrert ut av søkeresultat på nett, medan kinesiske medium har publisert positive nyheiter om VM og rakettoppskyting i staden for oppdateringar om pandemien.

Vil slå ned på «fiendtlege makter»

I eit skriftleg utsegn kravde det regjerande kommunistpartiet sin kommisjon for politikk og lovverk at «fiendtlege makter» blir slått ned på som følge av demonstrasjonane.

Det skriv det statlege nyheitsbyrået Xinhua ifølge AFP.

– Det er nødvendig å slå ned på infiltrering og sabotasje frå fiendtlege makter i tråd med lova, skal talspersonen ha sagt.

Demonstranter marsjerer i Beijing mandag 28. november.

Frå måndagens demonstrasjon i Beijing.

Foto: NOEL CELIS / AFP

Frå måndagens demonstrasjon i Beijing.

Foto: NOEL CELIS / AFP

I Hongkong heldt demonstrasjonane fram. Ein av dei finn stad utanfor Universitetet i Hongkong, ifølge AFP.

– Vi er ikkje utanlandske makter, vi er kinesiske borgarar. Kina bør kunne ha forskjellige stemmer, skal ei kvinne ha ropt framfor Universitetet i Hongkong. Ei anna heldt opp ein plakett til minne for ofra i Urumqi.

Ein kinesisk student på staden sa til byrået at han var redd for å bli arrestert som følge av den stadig strengare innskrenkinga av ytringsfridomen i Hongkong.

Framleis la han til at det var viktig å «halde motstanden gåande».

Det er ingenting som tyder på at aktørar utanfor Kina har utløyst demonstrasjonane.

Demonstrantane i Hong Kong heldt opp blanke ark for å markere mangelen på ytringsfridom i Kina.

Demonstrantane i Hong Kong heldt opp blanke ark for å markere mangelen på ytringsfridom i Kina.

Foto: TYRONE SIU / Reuters

Demonstrantane i Hong Kong heldt opp blanke ark for å markere mangelen på ytringsfridom i Kina.

Foto: TYRONE SIU / Reuters

Også andre stader i verda har det vore demonstrasjonar til støtte for motstandsrørsla i Kina, blant anna i Malaysia, Storbritannia og Australia.

Dei fleire hundre politifolka som patruljerte i Beijing og Shanghai i etterkant av dei største demonstrasjonane, skal ha trekt seg tilbake innan tysdag kveld.

SISTE NYTT

Siste nytt