Hopp til innhold

Fem byar som er i ferd med å gå tomme for vatn

Det er ikkje berre Cape Town som strevar med å forsyne innbyggarane sine med drikkevatn. FN fryktar ei global vasskrise innan 2030.

INDIA-POLLUTION-WATER-SUEZ

VASSRØYR: Ungar leikar på eit vassrøyr som går til den indiske hovudstaden New Delhi. Kvar fjerde av verdas store byar slit med å forsyne innbyggarane sine med reint drikkevatn.

Foto: DOMINIQUE FAGET / AFP

I Cape Town i Sør-Afrika er vasskrisa meir utfordrande for kvar dag som går, og innbyggarane har byrja å telje ned til «Dag null». Folk gjer no kva dei kan for å spare på vatnet.

Ifølgje BBC er det vassmangel i kvar fjerde storby på kloden, ifølgje ein studie frå 2014.

Over ein milliard menneske manglar tilgang på vatn, og 2,7 milliardar andre slit med å finne nok drikkevatn minst ein månad kvart år.

Og FN åtvarar mot at etterspurnaden etter drikkevatn kan bli 40 prosent større enn tilbodet innan 2030.

Overutvikling, auke i folketalet og klimaendringar har øydelagt balansen mellom bruken og tilgangen på vatn, skriv National Geographic.

Det er ikkje uventa megabyane som slit mest med vassforsyninga, her er ei liste på fem byar som risikerer å lide same skjebne som Cape Town.

1. São Paulo, Brasil

Den brasilianske millionbyen var i same situasjon som Cape Town tilbake i 2015. Fyllingsgraden i magasina var under 4 prosent, og det snakk om få dagar før over 20 millionar innbyggarar stod utan drikkevatn.

Det var frykt for ei humanitær krise, og politiet måtte eskortere vassbilar for å hindre plyndring.

BRAZIL-DROUGHT/ A resident of Itu receives water from a public spout due to drought

FYLLER TANKEN: Ein borgar i São Paulo får lov til å fylle flaskene sine ved ei kommunal kran, mot at han rasjonerer bruken av vatn i heimen.

Foto: STRINGER/BRAZIL / Reuters

Krisa vart avblåst i 2016 då det kom eit kraftig regnvêr som redda situasjonen, skriv National Geographic. Men krisa avslørte kor sårbar vassforsyninga i São Paulo er. Byen vart kritisert for ikkje å investere tilstrekkeleg i god infrastruktur.

2. Bangalore, India

Dette er Indias IT-hovudstad, og ein by i rask vekst. Problemet er at under bakken ligg det eit antikvarisk vatn- og kloakksystem.

Ei gransking frå sentrale myndigheiter avslørte at snart halvparten av drikkevatnet blandar seg med kloakken og går tapt, og at infrastrukturen treng full overhaling skal ein trygge vassforsyninga til dei 12 millionar innbyggarane.

HÄMTA VATTEN

STÅR I KØ: Innbyggarar i Bangalore står i kø for hente reint drikkevatn. Byen har store problem med at drikkevatn og kloakk blandar seg. I tillegg har den indiske IT-hovudstaden problem med dumping av ulovleg avfall.

Foto: Manjunath Kiran / AFP

I tillegg har byen eit problem med ulovleg dumping av avfall som også blandar seg i drikkevatnet. Ekspertar fryktar det ikkje er mogleg å by i denne byen i 2025, skriv The Guardian.

Det er ikkje anbefalte å bade i innsjøar rundt Bangalore.

3. Beijing, Kina

Den kinesiske metropolen slit med forureininga både i lufta og i vatnet.

Offisielle tal frå 2015 viste at 40 prosent av overflatevatnet i Beijing var så forureina det ikkje ein gong kunne bli brukt i jordbruket eller industrien.

Beijing er også ein by med over 20 millionar innbyggarar, som i utgangspunktet ikkje har nok vatn per person.

CHINA

BYGGJER KANALAR: Kinesiske styresmakter har i fleire år brukt pengar på å betre vasskvaliteten. Men den økonomiske veksten og forureining gjer at det framleis er vassmangel i landet.

Foto: Wilson Chu / Reuters Creative

Ein medverkande årsak til at Beijing og Kina opplever vassmangel, er den raske økonomiske veksten landet opplever fordi industrien bruker vatn i produksjonsprosessen, skriv The Guardian.

4. Kairo, Egypt

Nilen har vore livslina til millionbyen Kairo i sidan faraoane si tid, og står for 97 prosent av ferskvatnet i Egypt.

Men forureining truar denne livsviktige floden.

I tillegg fryktar egyptarane av bygging av vassdammar i Etiopia skal føre til lågare vasstand i Nilen, skriv nettavisa Al-Monitor. Låg vassføring gir mindre vatn og meir forureining.

EGYPT ENVIRONMENT SOCIETY An Egyptian girl fills a container with water from a polluted pond in Abu Passat village in Al Fayyum

UREINT VATN: Ei jente i Egypt fyller opp ei vasskanna frå ein forureina dam. Nilen har stått for store delar av drikkevatnet til Egypt, men den livsviktige elva er truga av forureining.

Foto: AMR ABDALLAH DALSH / REUTERS

Tal frå Verdas helseorganisasjon viser at Egypt har mange dødsfall som følge av forureina vatn Og FN fryktar at det vil bli kritisk vassmangel i landet innan 2025.

5. Mexico by, Mexico

Det blir sagt at Aztekarane levde på kanalane i Mexico by. Men dette er enda ein by med over 20 millionar innbyggarar som slit med vassforsyninga.

20 prosent av innbyggarane kan ikkje rekne med å få vatn ut av springen kvar dag, skriv New York Times.

Byen importerer om lag 40 prosent av vatnet dei bruker, men har ikkje noko større apparat for å resirkulere avløpsvatn.

MEXICO/ Farmers push a cow during a "Hunger Caravan" protest in Mexico City

PROTESTERER: I 2012 protesterte bønder i Mexico by mot at styresmaktene gjorde for lite etter ein ekstrem tørkeperiode som truga både avlingar og drikkevatn. Men byen har store problem med vassforsyninga, og må importere nesten halvparten av vatnet dei bruker kvart år.

Foto: STRINGER/MEXICO / Reuters

Du kan høyre meir om vassløyse i storbyar og kva som kan vere løysinga her.

SISTE NYTT

Siste nytt