Hopp til innhold

Faste møte mellom Olmert og Abbas

Israels statsminister Ehud Olmert og den palestinske presidenten Mahmoud Abbas skal møtast kvar 14. dag framover.

Ehud Olmert og Condoleezza Rice.
Foto: MATTY STERN / AP

Det var USAs utanriksminister Condoleezza Rice som opplyste dette på ein pressekonferanse i Jerusalem i dag tidleg. Samtalane skal i første omgang ta føre seg tryggingsspørsmål.

- Partane vil også starte diskusjonar om utviklia av ein politisk atmosfære som vil gjere det mogleg å etablere ein palestinsk stat i samsvar med Vegkartet for fred, sa Rice blant anna.

Byggje tillit

Rice sa likevel at det er for tidleg å snakke om forhandlingar som skal ta føre seg den endelege statusen til ein palestinsk stat, og at det viktigaste no er å byggje opp tilliten mellom partane.

Den amerikanske utanriksministeren kom også med ei oppmoding til dei arabiske landa om å kome Israel i møte.

- Dei arabiske landa må vise at dei aksepterer Israel sin plass i Midtausten, sa ho blant anna.

Den israelske statsministeren sa etter at den palestinske samlingsregjeringa vart danna for ei og ei halv veke sidan at han ikkje ville ha nye møte med den palestinske presidenten Mahmoud Abbas.

Dette fordi Abbas hadde godkjent ei palestinske samlingsregjering der Hamas framleis har statsministeren, og at ein israelsk soldat som vart bortført på Gazastripa i fjor, ikkje er sett fri.

Bortført soldat

Olmert seier at Abbas tidlegare har sagt at det ikkje kom til å bli danna ei palestinsk samlingsregjering før den bortførde israelske soldaten vart sett fri. Han gjorde det klart at han ikkje ville snakke med Abbas før han har halde lovnaden sin.

Etter samtalar med Rice har Olmert gått med på nye samtalar med Abbas, og ein israelsk tenestemann seier at det i første omgang blir snakk om eit møte for å byggje gjensidig tillit.

USAs utanriksminister Condoleezza Rice har den siste veka har drive skytteldiplomati mellom palestinske, israelske og arabiske leiarar. Ho skal også ha prøvd å overtale Olmert til å vere meir fleksibel i haldninga si til palestinske styresmaklter.

Kamphandlingar

Samstundes var det i natt nye samanstøytar på Vestbreidda. To palestinarar frå Al Aqsa-brigadane, som tilhøyrer Fatah, vart drepne av israelske soldatar i ei skotveksling i Nablus.

- Ei gruppe væpna menn skaut mot israelske soldatar som gjennomførde ein rutineoperasjon i Nablus, og to palestinarar vart drepne, seier ei talskvinne frå det israelske forsvaret.

På Gazastripa er fem palestinarar såra i kampar mellom stridande palestinske fraksjonar i løpet av natta.

SISTE NYTT

Siste nytt