Bistandsminister Erik Solheim (SV) har i fleire år vore norsk koordinator på Sri Lanka, og har vore sentral i fredsforhandlingane mellom LTTE-geriljaen (Tamiltigrane) og srilankiske styresmakter. Fredsforhandlingane førte til ein våpenkvileavtale i 2002.
- Dette har gått frå vondt til verre. Dette er ein farleg situasjon, seier Erik Solheim, etter at 11 srilankiske soldatar i dag vart drepne då bussen var med om bord i vart sprengd i lufta av ei landmine.
Sist fredag vart 13 regjeringssoldatar drepne i eit liknande angrep på ein buss.
Regjeringa på Sri Lanka er ikkje i tvil om kven som stod bak, LTTE-geriljaen. Som dei også er sikre stod bak drapet på ein kjend parlamentarikar under ei midnattsmesse i ei kyrkje julaftan.
Og det same med fleire andre angrep på regjeringsstyrkane den siste tida, både på sjøen og på land. Men LTTE-geriljaen nektar for å ha stått bak angrepa.
Noreg, EU og Japan sende straks diplomatar til Sri Lanka for å prøve å få partane til forhandllingsbordet igjen, men hittil har forsøket vore resultatlaust.
Erik Solheim trur det framleis er eit stykke igjen til full krig, men at utviklinga med stadig nye valdsepisodar ikkje kan halde fram. Faren er at det eine dreg det andre med seg, og enden på det er full krig.
Noreg har bede partane på Sri Lanka kome tilbake til forhandlingsbordet, og både regjeringa og LTTE-geriljaen seier dei er viljuge til det.
Problemet er at dei ikkje greier å bli samde om kvar forhandlingane skal finne stad.