Hopp til innhold

Fangeutveksling i Ukraina: – Endeleg heime etter over tre år i krigsfangenskap

– Mamma, endeleg er eg her. Ukrainske Oleksandr Oliynyk er ein av 380 krigsfangar i Ukraina som no får komme heim til sine kjære.

Ein krigsfange (med ryggen til) frå den ukrainske hæren blir tatt hjarteleg imot i Horlivka i Donets

Ein krigsfange frå den ukrainske hæren blir tatt hjarteleg imot i Horlivka i Donetsk-regionen aust i Ukraina.

Foto: VALENTYN OGIRENKO / Reuters

– Sonen min ringde, eg har ikkje høyrt stemma hans på tre og eit halv år, seier mor til Oleksandr Oliynyk til den ukrainske nyheitskanalen 112.

– Du kan ikkje forstå korleis det er for ei mor å ikkje kunne sjå sonen sin på så lang tid, seier ho.

Etter telefonsamtalen møttest dei andlet til andlet. Snart kan dei feire jul og nyttår saman.

Det same skjer i hundrevis av andre familiar. Krigsfangane kryssar frontlinja, og får komme heim til sine kjære.

UKRAINE-CRISIS/PRISONERS

Presidenten i Ukraina, Petro Porosjenko, snakkar med soldatar frå den ukrainske hæren som nettopp er sette fri. Han møter dei i eit helikopter i Donetsk-regionen.

Foto: HANDOUT / Reuters

380 fangar kryssar frontlinja

Avtalen om fangeutveksling slår fast at 306 fangar skal utleverast til dei russisk-vennlege opprørarane aust i Ukraina. Til gjengjeld skal opprørarane sleppe 74 fangar fri.

– Alle dei 74 fangane som skal tilbake til oss, er allereie heime på territorium som er kontrollert av den ukrainske hæren, sa president Petro Porosjenko onsdag kveld.

Forhandlingane mellom opprørarane og dei ukrainske styresmaktene har gått føre seg i Moskva. Sjefmeklar har vore overhovudet for den russiskortodokse kyrkja, patriark Kirill.

Fangeutvekslinga er den største sidan krigen i Ukraina starta for tre år sidan.

Konflikten mellom russiskstøtta opprørarar og ukrainske styrkar har kosta meir enn 10.000 menneske livet sidan 2014.

Det var då utbrytarar i Aust-Ukraina gjorde opprør mot styresmaktene i Kiev og Russland annekterte den ukrainske Krim-halvøya.

Ukraine Prisoner Exchange

Venner og familie av ein av dei ukrainske fangane som er sette fri av prorussiske opprørarar i Aust-Ukraina ventar på flyplassen i Kiev.

Foto: Efrem Lukatsky / AP

Skal halde fram neste år

Fangeutvekslinga skal etter planen halde fram i 2018, seier Viktor Medvedchuk, som er Ukraina sin representant i fredsforhandlingane, ifølgje det russiske nyheitsbyrået Tass.

Den tyske forbundskanslaren, Angela Merkel og presidenten i Frankrike, Emmanuel Macron seier i ei felles fråsegn at dei er svært glade for fangeutvekslinga, som dei meiner er eit viktig steg på vegen mot å kunne gjennomføre våpenkvileavtalen som blei forhandla fram i Minsk.

SISTE NYTT

Siste nytt