Færre sjølvmord i Japan under koronakrisa

Talet på sjølvmord i Japan gjekk ned med 20 prosent i april. Stengde skular, mindre pendling og meir tid med familien kan ha slått positivt ut, meiner ekspertar.

rb9LAj2ZC78

Applaus for helsearbeidarar som kjempar mot koronaviruset i den japanske byen Susono.

Foto: Shinji Kita

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Nedgangen i april er den største i Japan på fem år.

Mange hadde frykta at korona-pandemien ville føre til meir stress, med større fare for sjølvmord. Og mange hjelpetelefonar har anten vore stengde eller hatt redusert kapasitet på grunn av lågare bemanning.

Ekspertar meiner årsakene til dei positive tala, er at folk bruker meir tid heime med familiane sine, færre pendlar til jobb, og skulane er stengde, ifølgje The Guardian.

Toppår i 2003

1.455 menneske i Japan tok sitt eige liv i april. Det er 359 færre enn i april 2019. Talet på sjølvmord har gått ned i Japan dei siste åra. Etter toppåret 2003, med meir enn 34.000 tilfelle, låg talet i fjor på vel 20.000.

Midt i april blei det meldt om meir enn 500 nye tilfelle av koronasmitte dagleg. 16. april innførte regjeringa unntakstilstand, sjølv om tiltaka var mindre strenge enn i mange andre land.

Men pålegget om å halde seg heime fekk konsekvensar også for organisasjonar som arbeider for hindre sjølvmord. Rundt 40 prosent av dei har anten lagt ned aktiviteten, eller har redusert drift.

Samtidig som talet på sjølvmord har gått ned dei siste åra, har omfanget av mobbing av born gått opp. I år blei starten på skuleåret utsett på grunn av pandemien, og det kan ha redda liv, ifølgje ekspertar.

3TjKZ74c9Wg

Sjølv om færre pendlar under koronakrisa, er det likevel tettpakka med folk på denne T-banestasjonen i Tokyo i rushtida.

Foto: Eugene Hoshiko / AP

Ein stressfaktor som er borte

– Skulen er ein stressfaktor for mange unge, men i april var det ikkje noko slikt stress. Heime med familiane sine kjenner dei ser trygge, seier Yukio Saito.

Han er leiar for den japanske foreininga for førebygging av sjølvmord, og var tidlegare sjef for hjelpetenesta Japanese Federation of Inochi-no-Denwa.

– Når det gjeld vaksne, så er ikkje sjølvmord spesielt utbreidd i tider med nasjonal krise og katastrofar, seier Saito, og viser til at det var færre tilfelle i 2011, eit år med både jordskjelv, tsunami og atomulukke på Fukushima.

Økonomisk nedtur kan gi tilbakeslag

– Men økonomisk press og arbeidspress er derimot faktorar som kan bidra til fleire sjølvmord. Året etter den asiatiske finanskrisa i 1997 var det ein rekordstor auke på nesten 35 prosent. Dersom vi får ein langvarig økonomisk nedtur som følgje av pandemien, kan vi få eit tilbakeslag samanlikna med den positive utviklinga i april, seier Saito.

Torsdag fjerna den japanske regjeringa unntakstilstanden i mesteparten av landet. Til no er det stadfesta 16.000 smittetilfelle og 687 dødsfall i Japan.

Status Norge

Sist oppdatert: 05.06.2020
8504
Smittet
23
Innlagt
238
Døde

SISTE NYTT

Siste nytt