Hopp til innhold

Facebook fjerna enorm videomengd etter terror

Store mengder video som viser terroråtaka i to moskear i New Zealand, er forsøkt spreidd på Facebook.

I SORG: 50 menneske er bekrefta omkomne etter åtaket.

Foto: Tessa Burrows / AFP

Overfor The Guardian opplyser Facebook at dei fjerna 1,5 millionar kopiar av ein video frå terroråtaka på New Zealand i døgnet etter hendinga.

1,2 millionar kopiar skal ha vorte fanga opp av det sosiale mediets automatiske kontrollteneste, mens dei resterande 300 000 vart fjerna manuelt.

Laster Twitter-innhold

Ein video som den sikta 28-åringen Brenton Tarrant delte mens angrepet vart utført, vart fjerna og bannlyst frå dei store sosiale media etter ein time, men har sidan vorte lasta opp på nytt.

50 menneske er bekrefta omkomne etter åtaket. Den antekne gjerningsmannen er varetektsfengsla fram til 5. april.

Vart delt i britiske medium

Engelske Mail Online, The Sun og The Mirror delte alle ein redigert versjon av terroren, og fekk kritikk for dette. Videoen er no sletta frå nettstadene.

Mail Online er The Daily Mails systeravis. Likevel kritiserte Daily Mail Facebook i si papiravis, fordi dei lét videoane bli delte.

Papiravisa skal derimot ikkje ha nemnt delinga til Mail Online.

Brenton Harrison Tarrant bestemor Marie Fitzgerald og onkel Terry Fitzgerald snakker ut. Kilde: Australia's Nine Network television

Brenton Harrison Tarrant bestemor Marie Fitzgerald og onkel Terry Fitzgerald snakkar ut. Kilde: Australia's Nine Network television

Sletta mordvideo i fjor

Problemstillinga knytt til Facebook og spreiing av ein drapsvideo, vart og høgst aktuell i forbindelse med Marokko-drapa i desember. Då jobba sosiale medium med å avgrense spreiinga av videoen på oppfordring frå dansk politi og Kripos.

– Vi har sletta den spesifikke videoen, og held fram med å gjere det om nokon prøver å laste den opp på nokon av våre plattformer, sa Lukasz Lindell, pressekontakt for Facebook i Norden i ein e-post, då.

Då sa selskapet at dei hadde sletta videoen, og at dei kom til å halde fram med å gjere det, dersom nokon forsøkte å laste den opp igjen.

New Zealand vil overvinne problemet

New Zealands statsminister Jacinda Ardern ynskjer no å samarbeide med Facebook, i kampen om å stoppe delinga av videoen.

– Dette går langt utføre New Zealands grenser, men det betyr ikkje at vi ikkje kan spele ei aktiv rolle i å løyse problemet. Dette er ein sak eg ynskjer å diskutere direkte med Facebook, seier ho.

Statsminister New Zealand

New Zealands statsminister Jacinda Ardern.

Foto: Marty Melville / AFP

Meiner dei sosiale media svikta

Tom Watson er nestleiar i det britiske Labour-partiet. Han kjenner seg skuffa over dei sosiale media.

– Dei har svikta ofra i terroristhandlinga, og mislukkast i møte med vondskap. Dei klarte ikkje utvise ansvar og respekt. Det kan ikkje fortsette slik, sa han til radiostasjonen LBC.

Nestleiar i Labour-partiet, Tom Watson.

Tom Watson er nestleiar i det britiske Labour-partiet.

Foto: HENRY NICHOLLS

Klokken 13.20 lokal tid.

Terroristen parkerer bilen i en sidegate til Al Noor-moskeen i Christchurch.

Gjerningsmannen tar med seg en hagle og et halvautomatisk våpen og går inn på parkeringsplassen foran moskeen.

Moskeen er full av mennesker som er der for å delta i fredagsbønnen. Det første offeret møter gjerningsmannen med et «hello brother» før han blir skutt og drept.

Etter to et halvt minutt forlater terroristen moskeen. På vei tilbake til bilen løsner han skudd på åpen gate. Tilbake i bilen bytter han våpen.

Gjerningsmannen returnerer til parkeringsplassen foran moskeen. Denne gangen skyter han mot de som løpende ut fra moskeen. Deretter tar han seg på ny inn i bygget.

I ytterligere halvannet minutt skyter terroristen de som har gjemt seg, eller er skadet i moskeen før han forlater bygget.

På vei tilbake mot bilen skyter terroristen en kvinne som ber for sitt liv, før han kjører fra åstedet. På den ti minutter kjøreturen mot Linwood-moskeen løsner han flere skudd gjennom vinduene i bilen.

SISTE NYTT

Siste nytt