Hopp til innhold

Evig dødsdans i Bagdad

Minst 160 menneske er drepne av bomber i den fattige sjiamulsimske Sadr-byen i Bagdad i dag. I kveld vart det innført portforbod i heile byen.

Minst fem bombeeksplosjonar i Sadr-byen i Bagdad.
Foto: KAREEM RAHEEM / REUTERS

Minst 236 andre vart skadde i ein serie bilbombeeksplosjonar i denne bydelen, som også mange gonger tidlegare har vore åstad for sjølvmordsaksjonar og bilbombeangrep frå sunnimuslimske opprørarar.

Den evige dødsdansen held fram i gatene i den irakiske hovudstaden. Det er ikkje lenger mogleg å seie kva som er angrep og kva som er hemnangrep.

I kveld har irakiske styresmakter innført portporbod i heile Bagdad etter blodbadet i Sadr-byen. Portforbodet skal vare inntil vidare, heiter det. Samstundes blir flyplassane i Bagdad og Basra også stengde, det same tre større hamner i sør.

Blodbad

Dagen i dag er ein av dei aller blodigaste etter at amerikanske styrkar gjekk inn i landet i mars 2003, kanskje den aller blodigaste.

Restar av ein brullaupsdekorasjon i Sadr-byen i Bagdad.
Foto: KAREEM RAHEEM / REUTERS

Det er dei sivile som blir hardast råka, slik det er i moderne krigar, spesielt i borgarkrigar. Offera denne gongen var stort sett born, kvinner og eldre.

- Om ikkje dette er borgarkrig, seier ein fortvila innbyggjar i Sadr-bydelen, kva er då ein borgarkrig?

Det var minst seks eksplosjonar i denne hardt prøvde Bagdad-bydelen i dag, og det er meldt om både bilbombe-eksplosjonar og angrep med granatar.

Eksplosjonane, som verka å vere koordinerte, skjedde fleire ulike stader i bydelen. Styresmaktene seier at dødstalet kan kome til å stige ytterlegare.

Ein talsmann for det irakiske innanriksdepartementet seier til fjernsynsstasjonen Al-Iraqiya at det ikkje var tryggingsstyrkar i området då bilbombene eksploderte, og at alle offera er sivile.

Han opplyser også at det vart skote minst 10 rundar med artillerigranatar mot området etter eksplosjonane.

Motangrep

Etter dette igjen vart det skote med granatar mot ein sunni-muslimsk bydel i Bagdad, og fem menneske vart skadde. Dette var nok eit eksempel på den evige runddansen av vald i den irakiske hovudstaden.

Då Saddam Hussein endå sat ved makta i Irak bar denne fattige bydelen namnet Saddam-byen. Og det var ikkje fordi eks-dikatoren var spesielt populær her.

Tidleg i ettermiddag gjekk rundt 30 opprørarar til angrep på det irakiske helsedepartementet sin bygning i sentrum av  byen. Det vart skote med granatar og med maskingevær, men angrepet vart slått tilbake av irakiske innanriksstyrkar og amerikanske soldatar.

Fem menneske vart skadde i angrepet, men det er ikkje meldt om drepne. 

 

Bombeangrep i Sadr-byen i Bagdad 22. november.
Foto: HADI MIZBAN / AP

 

SISTE NYTT

Siste nytt