Hopp til innhold

EU refsar flyplass-sjefar for kaos

EUs transportkommissær Siimi Kallas seier det er heilt uakseptabelt at europeiske flyplassar ikkje taklar snø og kulde.

Framleis kaos på Terminal 5 på Heathrow

Fullt ventekaos inne på terminal 5 på Heathrow flyplass i London.

Foto: TOBY MELVILLE / Reuters

EUs transportkommissær Siim Kallas.

Eus transportkommissær Siim Kallas er ikkje nådig i kritikken av europeiske flyplassar.

Foto: JOHN THYS / Afp

Trafikken ved store europeiske flyplassar som Heatrow i London, Charles de Gaulle og Orly i Franrike, Brussel og andre byar har vore meir eller mindre lamma dei siste dagane på grunn av snøfall og kulde.

Først skapte det som i Noreg blir rekna for eit moderat snøfall alvorlege problem, og deretter gjekk fleire flyplassar tomme for avisingsvæske. Resultatet er innstilde flyavgangar og fleire tusen menneske som ikkje kjem fram dit dei skal.

LES OGSÅ: Forsinkelser og innstilte fly i Europa

LES OGSÅ: Gatwick stengt etter nye snøbyger

Transportkommissær Kallas seier det slik:

- Eg er djupt uroa over kor store konsekvensar dette snøveret har ført til. Det er ikkje akseptabelt, og det bør ikkje skje igjen, seier ein uvanleg skarp kommissær.

Han seier at han vil kalle leiarane ved dei støreste flyplassane inn til krisemøte i løpet av kort tid. Her vil han krevje å få ei forklaring på korleis situasjonen kunne bli så kaotisk. Han er klar på at flyplassane må ta planlegginga av ekstreme værforhold meir på alvor.

Trafikken er delvis i gang igjen påHeathrow.

Trafikken er delvis i gang på Heathrow, men det er framleis store forseinkingar.

Foto: TOBY MELVILLE / Reuters

LES OGSÅ: Nå går de tomme for avisningsvæske

LES OGSÅ: – Reisende til Heathrow bør holde seg hjemme

LES OGSÅ: Ingen fly får lande på Heathrow

LES OGSÅ: Ingen fly får lande på Heathrow

LES OGSÅ: Snøkaoset i Europa fortsetter

SISTE NYTT

Siste nytt