Hopp til innhold

Ingen fly får lande på Heathrow

Ein av dei mest trafikkerte flyplassane i Europa nektar fly å lande i dag. Berre eit fåtal fly vil lette frå Heathrow.

Video 51059bbd-f763-4f21-afa4-b21851f9547e.jpg

Store mengder snø på Heathrow.

Mye venting for flypassasjerer på Heatrow

Her går ingen fly.

Foto: MAX NASH / Ap
Passasjerar ventar på Heathrow

Ventande passasjerar må gjere det så komfortabelt som mogleg.

Foto: MAX NASH / Ap
Sitter fast på Heathrow

Dei har mellom anna fått utdelt aluminiumsteppe.

Foto: LUKE MACGREGOR / Reuters
Avlyste fotballkampar laurdag

Premier League-kampen mellom Liverpool - Fulham vart utsett i går. Det samme skjedde med fleire andre kampar.

Foto: Tim Hales / Ap

London-flyplassen Heathrow vil ikkje ta imot fly i dag, opplyser dei på sine nettsider. Berre nokre få fly vil ta av frå den snødekte flyplassen.

– Våre mannskap held fram arbeidet med å rydde unna snøen frå kaoset laurdag, og førebur flyplassen på gjenopning måndag, skriv dei.

6000 tonn snø

Det er plass til 200 fly på bakken på Heathrow. Flyplassen opplyser at dei må måke 30 tonn snø frå kvar av desse plassane.

– Temperaturen ligg like under null grader og når det er fullt på alle parkeringsplassar, gjer det måkejobben enda vanskelegare, skriv flyplassen.

Flyplassen oppfordrar alle som har flyreiser dit om å sjekke med sine flyselskap om deira fly får lande, og seier dei er ekstremt leie seg for problema dette medfører for flypassasjerar og flyselskapa.

Må stå stille

I tillegg til all snøen som har lava ned, strevar flyplasspersonell med is som har lagt seg rundt kvart av flya i natt.

– Flyplassen må vere stengd heilt til det er trygt å flytte flya rundt.

Fleire hundre personar er no i fullt arbeid inne i terminalbygga for å halde ventande flypassajerar så varme og komfortable som mogleg, skriv Heathrow.

Trafikkaos

Også i går var det store problem i flytrafikken på dei britiske øyane. Dei fleste flygingane til British Airways og EasyJet frå Heathrow vart innstilte, og flyplassane Gatwick og Luton var stengde i lange periodar.

Eurostar-toget gjennom Kanaltunnelen til det europeiske fastlandet vart forseinka på grunn av snøveret.

Mange vegar på øyane var stengde på grunn av veret. Mellom anna måtte fleire hundre bilistar overnatte i bilane sine på M6 utanfor Manchester .

Trafikkaoset forplanta seg til fotballverda, og fleire kampar vart utsette i går. Også i dag er kampar utsette.

Brøyting på Heathrow

Ein snøplog prøvar å fjerne snøen frå Heathrow. Flyplassen er så godt som stengd i dag.

Foto: Steve Parsons / Ap