Ny konsernleiar i Tide
Ronny Paulsen er ny konsernleiar i mobilitetsselskapet Tide AS, melder NTB.
– Med han får Tide ein sterk strategisk og kommersiell leiar med ein leiarstil som er motiverande og samlande. Paulsen har vist ein tydeleg drivkraft og teft for å utvikle selskapet.
Det seier styreleiar Martin Økland i Tide.