Hopp til innhold

Etiopia: Semje om å stanse krigen i Tigray

Etiopias regjering og styresmaktene i Tigray-provinsen er samde om å stanse kampane. Frigjeringsfronten til tigray-folket kallar det for ein ny start.

Hovedforhandler for Etiopias regjering, Redwan Hussein, til venstre, håndhilser på ledende Tigray-forhandler Getachew Reda, mens Kenyas tidligere president, Uhuru Kenyatta ser på, etter fredsforhandlingene i Pretoria, Sør-Afrika, onsdag

SAMDE: Sjefforhandlar for Etiopias regjeringa Redwan Hussein tar sjefforhandlaren for TPLF Getachew Reda i handa etter at dei vart samde om å stanse krigen.

Foto: Themba Hadebe / AP

– Fredsavtalen inneber ein ny dag for Etiopia, står det i ei utsegn frå Den afrikanske unionen (AU).

AU har sidan tysdag førre veke leia forhandlingane mellom dei to krigførande partia i Sør-Afrika.

I dag kunne unionen melde om eit gjennombrot.

Den etiopiske regjeringa og Tigray-styresmaktene har vorte samde om ein organisert, smidig og samordna avvæpning. Men også gjenoppretting av lov, orden og offentlege tenester, samt uhindra tilgang til humanitær hjelp.

Frigjeringsfronten til tigray-folket (TPLF) kallar avtalen for ein «ny start».

– Vi er klare for å setje i gong og gjennomføre denne avtalen, seier sjefforhandlaren for TPLF Getachew Reda.

Her signerar sjefforhandlar for Etiopias regjeringa Redwan Hussein og sjefforhandlaren for TPLF Getachew Reda avtalen som seier at dei er samde om å stanse krigen.

Her signerer sjefforhandlar for Etiopias regjeringa Redwan Hussein og sjefforhandlaren for TPLF Getachew Reda avtalen.

Foto: PHILL MAGAKOE / AFP

Han seier også at dei har måtta inngå smertefulle innrømmingar, men at det var nødvendig for å byggje opp tilliten mellom partane.

Sjefforhandlaren til den etiopiske regjeringa understrekar at avtalen no må følgast opp.

– Det no opp til oss alle å følgje denne avtalen, seier Redwan Hussein.

Humanitær krise

Krigen har vart i to år og ført til ei enorm humanitær krise for sivilbefolkninga i Tigray.

Tusenvis av menneske har mista livet i kampane, og fleire millionar har måtte flykte frå heimane sine.

Det har også vore meldt om overgrep mot sivilbefolkninga og ei større svoltkatastrofe på grunn av manglande naudhjelp.

En etiopisk kvinne krangler med andre om tildelingen av gule erter etter at de ble distribuert av Hjelpeforeningen i Tigray i byen Agula, i Tigray-regionen i Nord-Etiopia i mai 2021.

I mai 2021 krangla ei kvinne i Tigray i Etiopia med andre om korleis fordele gule erter. Sidan krigen starta har lande vore prega av ei svoltkatastrofe.

Foto: Ben Curtis / AP

– Det er viktig at alle partar no bidreg til at det blir slutt på kamphandlingar og at reelle og berekraftige forhandlingar kan følgje. Meldingane frå forhandlingane i Sør-Afrika gir håp om det, seier Kirkens Nødhjelps landsdirektør i Etiopia, Eivind Aalborg til NRK.

– For å kunne nå ut til alle som treng humanitær støtte i Tigray og ulike område i Etiopia, er ein slutt på kamphandlingar nødvendig.

Krigen starta 4. november 2020. Då sat regjeringa i Addis Abeba i gong ein storstilt offensiv i Tigray for å avsette dei regionale leiarane. Desse leiarane hadde lenge vore på kollisjonskurs med statsminister Abiy Ahmed.

– Barn døyr kvar einaste dag

Så seint som for to veker sidan åtvara sjefen i Verdshelseorganisasjonen, Tedros Adhanom Ghebreyesus, mot eit folkemord i Tigray.

Han kjem sjølv frå området, og har familie som er hardt ramma av krigen.

– Det finst ingen annan situasjon i verda der 6 millionar menneske har vore omleira i nesten to år. Bankvesenet, mat, elektrisitet og helsevesenet blir brukt som våpen i krigen, seier han.

Internt fordrevne sitter i et telt i den provisoriske leiren hvor de er skjermet i landsbyen Erebti, Etiopia, 9. juni 2022.

På grunn av tørke og den alvorlege matkrisa har mange flykta internt i Etiopia.

Foto: EDUARDO SOTERAS / AFP

Han understrekar at sjølv menneske som har pengar, svelt fordi dei ikkje har hatt tilgang på banktenester på to år.

– Barn døyr kvar einaste dag av undernæring.

SISTE NYTT

Siste nytt