Hopp til innhold

Erdogan fekk flest stemmer i Tyrkia – blir ny valomgang

Valet avgjerast i andre valomgang, då verken president Erdogan eller utfordrar Kilicdaroglu har fått over 50 prosent av stemmene.

Tilhengere av Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan og AK Party (AKP) holder bluss mens de venter på valgresultater i Istanbul, Tyrkia 15. mai 2023

NAUDBLUSS: Stemninga er spent blant Erdogan sine støttespelarar medan dei ventar på valresultatet i Istanbul.

Foto: Reuters

Dette valet kan vere den største utfordringa Recep Tayyip Erdogan (69) har hatt føre seg sidan han fekk makta i Tyrkia for 20 år sidan.

Seks opposisjonsparti har samla seg kring Kemal Kiliçdaroglu (74), som har lege jamt med Erdogan på meiningsmålingane.

Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan seier at han er godtek eit omval dersom han ikkje skulle vippa over 50 prosent i presidentvalet.

– Me veit ikkje om valet er over i første runde. Viss nasjonen vår vel å gå til ein andre runde, vil me respektera det òg. Men me trur at me vil avslutta denne runden med meir enn 50 % av stemmene, det er framleis stemmer å telja, seier Erdogan i ein tale natt til måndag.

Han hevda også at han hadde fått fleirtal i parlamentet, og takke veljarane sine for det, skriv BBC.

Kort fortalt:

  • Verken president Erdogan eller rivalen Kilicdaroglu har fått over 50 prosent av stemmene.
  • Det blir derfor omval om nokre veker.
  • Tyrkias tredje presidentkandidat har ikkje valt side enno. Han skal kunngjere om nokre dagar om han gir si støtte til Erdogan eller Kilicdaroglu.

Leiaren av valkommisjonen Ahmet Yener kunngjorde dei første førebelse resultata like før klokka 2 natt til måndag norsk tid.

Ahmet Yener, leder av Tyrkias høye valgstyre (YSK), snakker til media i Ankara, Tyrkia 15. mai 2023

Ahmet Yener, leder av Tyrkias høge valstyre (YSK), snakkar til media i Ankara, Tyrkia 15. mai 2023

Foto: Reuters

Han fortel at meir enn 91,93 % av stemmene no er talt opp.

Basert på desse resultata er Erdogan framfor med 49.4 % av stemmene, medan Kilicdaroglu har 44.96 %.

– Slik det ligg an no kjem det til å bli tett, og oppteljinga kan ta lang tid, seier Einar Wigen, Tyrkia-ekspert og professor ved Universitetet i Oslo.

Tyrkiaekspert Einar Wigen

Tyrkia-ekspert Einar Wigen er til stades på valvaken i Oslo søndag.

Foto: Universitetet i Oslo

– Folk har ein tendens til å over-tolke den minste ting som kjem frå kvar side. Vi har ganske motstridande oppteljingar der det statlege nyheitsbyrået viser presidenten veldig høgt og alle andre ser ut til å vise han langt lågare.

Blir det slik at ingen av kandidatane får meir enn 50 prosent av stemmene, må folket samlast til ei ny runde om to veker, altså søndag 28. mai.

Det er Tyrkia sine to største nyheitsbyrå som rapporterer resultata frå presidentvalet.

Presidential and parliamentary elections in Turkey

President Erdogan møtte folkemengda utanfor bustaden sin i Istanbul seint søndag kveld.

Foto: MURAT CETINMUHURDAR/PPO / Reuters

Ogan kan gjera ein stor forskjell

Den tredje presidentkandidaten i presidentvalet, Sinan Ogan, skal kunngjera om han vil gi si støtte til Erdogan eller Kilicdaroglu.

Han fekk rundt 5 prosent av stemmene, ifølgje det statlege nyheitsbyrået Anadolu og nyheitsbyrået Anka.

Avgjerda hans kan gjera ein stor forskjell

– Eg skal snakka med leiarane i alliansen min, eg vil gå og spørja veljarane mine dei neste par dagane. Og så vil me bestemma seg og utføra vår plikt dei neste 14 dagane, seier Ogan.

Sinan Ogan, presidentkandidat for den høyrenasjonalistiske Ata-alliansen for det kommende presidentvalget 14. mai, taler under en pressekonferanse i Istanbul, Tyrkia 3. mai 2023

Avgjerda til Ogan kan gjera ein stor forskjell

Foto: Reuters

Ogan sa på tyrkiske Fox News at Kilicdaroglu har hatt altfor mykje sjølvtillit i denne valkampen, og at Kilicdaroglu må velje mellom han og kurdarane.

Kilicdaroglu har fått støtte frå kurdarar som ikkje har stilt med eigen presidentkandidat.

Den nasjonalistiske presidentkandidaten sa han ikkje vil støtte nokon som har støtte frå kurdarar.

Skuldar opposisjonen for politisk kupp

Den tyrkiske regjeringa skuldar opposisjonen søndag kveld for å forsøke eit politisk kupp, ved å kunngjere valresultata medan stemmesetlane framleis blir talde opp.

Talspersonen for det regjerande Rettferds- og utviklingspartiet (AKP), Ömer Celik, seier at partiet sin største rival, Det republikanske partiet (CHP), har teke ein diktatorisk tilnærming til valresultatet.

-

Ömer Celik er talsperson for AKP.

Foto: ADEM ALTAN / AFP

– I og med at valet blei gjort i ein så positiv og demokratisk atmosfære og at stemmeteljinga framleis går føre seg, er det å haste annonsering av resultata det same som å undergrave nasjonal vilje, sa Erdogan tidlegare søndag.

– Vi kjem ikkje til å sove i natt, tvitra Kiliçdaroglu seinare på kvelden, og kravde at alle stemmesetlar blir inkluderte i teljinga.

Partikollega Imamoglu oppfordrar også folk til å ikkje tru på tala frå det statlege nyheitsbyrået.

Styresmaktene viser til tala frå det statlege nyheitsbyrået Anadolu (AA), medan opposisjonen viser til det private nyheitsbyrået ANKA.

Regjeringa har også bede om att stemmene blir talde på nytt i fleire distrikt der CHP har vore det sterkaste partiet, noko som gjer at desse tala ikkje enno er rekna med i totalen.

Ei valurne i hovudstaden Ankara skal ha blitt kravd talt på nytt heile ni gongar.

Den norsk-tyrkiske skuespilleren Deniz Kaya og flere andre har samlet seg på valgvake på Youngs i Oslo sentrum for å følge det tyrkiske valget.

Den norsk-tyrkiske skodespelaren Deniz Kaya og fleire andre har samla seg på Youngs i Oslo sentrum for å følge det tyrkiske valet.

– Ikkje lenger skremte av folk som Erdogan

Dersom det blir eit maktskifte, har utfordrar Kiliçdaroglu lova å vri utanrikspolitikken vekk frå personleg makt og styring. Han seier han vil ha dialog, ikkje konfrontasjon.

-

Tyrkarar går gjennom ruinane av bygg som blei rivne av eit jordskjelv tidlegare i år. Sikring av bygg mot framtidige katastrofar har vore eit sentralt tema under valkampen.

Foto: CAN EROK / AFP

Innbyggar Şahin Çeltikçi i Istanbul fortel NRK at han kjenner på håp medan dei ventar på resultatet.

– Kiliçdaroglu kjem til å vinne, seier han, og legg til at han håpar det vil skje utan noko «trøbbel».

– Vi er meir opprømte og håpefulle denne gongen. Styresmaktene har knebla folk i meir enn 20 år. Vi blir ikkje skremte av folk som Erdogan lenger.

NRK møter også Hediye Bilge saman med dottera og hunden utanfor eit vallokale i Istanbul.

Aye Geylani (venstre) og mora Hediye Bilge (høgre) håpar at Tyrkia vil starte med blanke ark.

Aye Geylani (venstre) og mora Hediye Bilge (høgre).

Foto: Øzgur Arslan

Ho verkar ikkje sikker på at Erdogan vil akseptere eit nederlag, dersom resultatet blir deretter, men seier ho håpar han vil gå av på demokratisk vis.

– Eg håpar vi får starte med blanke ark i Tyrkia, seier ho.

Stort oppmøte på valdagen

Søndag held Tyrkia både eit parlamentsval og eit presidentval. Ein skal dermed ikkje berre stadfeste kven som skal leie landet i framtida, men også korleis det blir styrt.

Resultatet vil blant anna bli avgjerande for kva som skjer med den tyrkiske økonomien, som er hardt råka av levekostnad-krisa i Europa.

64 millionar tyrkarar hadde høvet til å stemme i dag, og 5 millionar av desse var førstegongsveljarar, i alderen 18 til 22 år.
Oppmøtet på valdagen skal ha vore forholdsvis høgt.

-

Kiliçdaroglu har blitt kjent for hjartesymbolet sitt under valkampen.

Foto: YASIN AKGUL / AFP

I forkant av valet har det leiande partiet AKP blant anna lova høgare pensjonsutbetalingar, betre stipend for studentar, noko støtte til straumrekningar og betre tilgang på lån med låge renter.

Eitt av dei største salspunkta til opposisjonen er å redusere makta til den sitjande presidenten og gå tilbake til eit parlamentarisk system i Tyrkia.

Les også Hva betyr det for verden om Erdogan vinner?

Turkey Elections Erdogan

200.000 observatørar til stades

Det digitale resultatet er spådd til kring midnatt i kveld, medan dei fysiske stemmene (kring ein femdel) kan bli talde heilt fram til tysdag.

Den tyrkiske velgjerdsorganisasjonen Oy ve Otesi («stemme og meir») har utvikla ein app som kan lese valresultata.

Presidential and parliamentary elections in Turkey

Ein støttespelar av Kiliçdaroglu reagerer på dei foreløpige resultata søndag kveld.

Foto: YVES HERMAN / Reuters

Ved å ta eit bilete av det ferdige resultatet og laste det opp i appen, kan dei frivillige kontrollere om dei offisielle tala som blir presenterte er korrekte.

Kva kan de gjere dersom de oppdagar juks?

– Ingenting. Vi er berre observatørar, og vi har ingen handlingskraft til å gripe inn, svarar leiar Ertim Orkun til NRK.

Til saman vil det vere kring 200.000 observatørar til stades ved lokala.

-

Medlemmer av partiet CHP følger stemmeteljinga på storskjerm.

Foto: YASIN AKGUL / AFP

Kring 70.000 av desse høyrer til Oy ve Otesi, medan andre er frå dei store tyrkiske partia og Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE).

Men ein rettvis prosess blir det truleg ikkje, meiner leiar Orkun.

– Kandidatane har fått ulik plass i media. Det kurdiske partiet risikerer å bli forbode, og politikarar som ordføraren i Istanbul fekk ikkje stille grunna trugselen om å bli fengsla.

– Så det er ikkje rettvist. Men vi forsøker å sikre sjølve gjennomføringa på valdagen, i alle fall.

SISTE NYTT

Siste nytt