Hopp til innhold

Endå ein storstreik i Storbritannia: Ein halv million britar har teke til gatene

Det er meir enn ti år sidan så mange menneske streika i Storbritannia. Dei vil ha høgare løn, men styresmaktene prøvar i staden å innskrenke streikeretten.

Workers take part in a strike, in London

STREIKAR FOR HØGARE LØN: Levekostnadskrisa herjar framleis Storbritannia. Prisauken har ikkje vore så høg på meir enn 40 år.

Foto: TOBY MELVILLE / Reuters

Fleire tusen skular stengde, og lang ventetid for å reise med bussar og tog.

Det britiske samfunnet kjenner framleis på effekten av streikeaksjonen, som på nytt har spreidd seg over heile landet.

Workers take part in a strike near Downing Street, in London

Frå ein streik i nærleiken av statsministeren sitt kontor i London.

Foto: TOBY MELVILLE / Reuters

Fleire enn 500.000 menneske er i gatene onsdag og protesterer mot låg løn og høge levekostnader.

Prisauken i landet er på meir enn 11 prosent, som er det høgaste nivået på meir enn 40 år.

– Vi streikar fordi vi har i praksis har fått eit lønskutt i løpet av dei siste ti åra, seier Graham, som representerer fagforeiningsgruppa TUC, til AFP.

Han seier det ikkje berre er løna som ikkje held tritt med prisane. Dei blir også utsette for høgare leige og skatterekningar.

– Nokre av medlemmene våre, sjølv om dei er i arbeid, må framleis besøke matbanken.

Dei siste månadane har det vore streikar i mange britiske sektorar. Postbod, advokatar, sjukepleiarar og butikkmedarbeidarar har teke til gatene i titusen.

Britain Strikes

Ein halv million britar streikar onsdag, blant dei mange lærarar.

Foto: Alastair Grant / AP

«85 prosent av skular stengde»

Blant dei som streikar onsdag er opp til 100.000 skulelærarar, ifølge BBC. Dette tel ikkje med alle dei som jobbar for britiske universitet.

Fagforeininga for lærarar i England og Wales, NEU, seier at 85 prosent av skulane der er stengde onsdag.

Utdanningsminister Gillian Keegan sa onsdag morgon at fleirtalet av skulane ville vere opne i ein eller annan kapasitet.

I Skottland tek lærarane i Clackmannanshire og Aberdeen også del i streiken.

Teachers rally in Alloa, Clackmannanshire, Scotland

Lærarane streikar også i Clackmannanshire i Skottland.

Foto: RUSSELL CHEYNE / Reuters

I tillegg til lærarane er offentlege tenestefolk, togførarar, bussjåførar og forelesarar på universiteta tekne ut i streik.

Togførarane fekk tilbod om lønsauke frå Network Rail, seier deira fagforeining onsdag ettermiddag, men har ikkje bestemt om dei skal godta den enno,

Neste veke står ambulansearbeidarar, sjukepleiarar og brannfolk for tur.

Sist ambulansearbeidarane streika, var effekten på det nasjonale helsevesenet (NHS) alvorleg, og militæret måtte hjelpe til med å hente folk som trengde akutt helsehjelp.

Meiner det krev ein tryllestav

Ifølge kontoret for nasjonal statistikk (britiske SSB) mista Storbritannia 1,6 millionar arbeidsdagar frå juni til november som følge av streikane.

Medan foreiningssjefane seier dei er førebudde på å halde fram med streikar til slutten av sommaren, står statsminister Rishi Sunak på sitt.

– Ingenting ville gitt meg meir glede enn å vifte med ein tryllestav og gjere slik at alle dykk får mykje meir betalt, sa han til arbeidarane i det offentlege helsevesenet måndag.

– Ein viktig del av å få fatt i inflasjonen er å sørge for at regjeringa er ansvarleg med låninga si, sa han, og la til at lønsproblema berre blir verre dersom dei ikkje får det til.

Sunak

Britisk statsminister Rishi Sunak vil innskrenke streikeretten i Storbritannia.

Foto: JESSICA TAYLOR / AFP

Den britiske regjeringa prøvar no å få godkjent ei lov som innskrenkar retten til å streike.

Den vil pålegge nokre arbeidarar i viktige sektorar til å halde fram med «minstenivå av teneste» sjølv under streiken.

Sjefen for TUC, Paul Nowak, seier dei nasjonale protestane kjem til å insistere på at «streikeretten er ein grunnleggande britisk fridom».

Sunak meiner at lova som er føreslått er «rimeleg» og i tråd med lovene til andre europeiske land.

SISTE NYTT

Siste nytt