Vêrfenomenet El Niño (sjå faktaboks) oppstår med jamne mellomrom. Det kan føre til ekstrem tørke, og samstundes ekstrem nedbør. I dei verste tilfella kan tusenvis av liv gå tapte.
Like ille som i 1997/1998
Ei stor utgåve av El Niño herja i 1997 og 1998, og ein trur at rundt 2.100 menneskeliv kan ha gått tapt.
- LES OGSÅ:
No tyder mykje på at ein ny gigant-El Niño er på veg. Kart som viser temperaturen i Stillehavet viser at utviklinga i år er ganske lik som i 1997/1998.
Det er overflatevatnet i det sentrale og austlege Stillehavet som gjer grunn til uro. Temperaturen i vatnet ligg rundt to grader over normalen, opplyser Verdas Meteorologiorganisasjon (WMO).
To globusar frå NASA viser havtemperaturane i Stillehavet i høvesvis 1997 og 2015. Mykje tyder på at årets El Niño kan bli like ille som i 1997/1998 då over 2.000 menneskeliv gjekk tapt.
Foto: NASABistandsorganisasjonane førebur seg
Difor ventar ein dramatiske konsekvensar. Flaum, ras og tørke kan bli realiteten, sa klimaforskar Rasmus Benestad til NRK i mai i år.
Hjelpeorganisasjonar har i lengre tid førebudd seg på den varsla krisa. Mellom anna har Care jobba med å førebu folk i ulike land verda over på konsekvensane av El Niño.
- LES OGSÅ:
Care reknar med at både endringar i tropiske stormar, monsunregn, meir tørke og rasert jordbruk kan bli konsekvensane. Dei er særskild uroa for kvinner og barn, fordi desse gruppene er særleg utsette for klimaendringar.
Peru vart råka av førre El Niño. Her er det ei kvinne i byen Cuzco som måtte sjå at eit jordskred øydela byen. No er Peru på ny utsett for ekstremvêr.
Foto: Oscar Paredes / ApI Etiopia har mange småbønder allereie merka at nedbøren er mindre føreseieleg, avlingar er øydelagde og dyr døyr.
Frå Vanuatu til Peru
Ei av dei som Care har vore i kontakt med er Halima Galeli, ei fembarnsmor frå Etiopia.
– Seksten av kyrne mine er døde. Det vil ikkje ta lang tid før dei andre dør også. Om ikkje Gud gjer noko for å stanse dette, så vil eg snart følge etter eg også, har Galeli sagt til Care.
- LES OGSÅ:
Også Kirkens Nødhjelp førebur seg på tørke, og bidreg til å hjelpe folket i Etiopia, der over 80 prosent av folket lever av jordbruk.
To foto som er tekne med eitt års mellomrom viser temperaturendringane i Stillehavet. Biletet er tatt utanfor Amerikansk Samoa.
Foto: ApMen i tillegg til Etiopia ventar ein at El Niño vil råke land langs heile ekvatorlinja, og dei fleste av landa er fattige. Alt frå Peru og Haiti til Vanuatu og Mosambik står i fare for å bli råka av uvêr.