Orkanen Kilo er sørvest for Hawaii følgt av orkanen Ignacio på austsida av Hawaii, medan orkanen Jimena ligg i det austlege Stillehavet. Kilo var den siste av trioen til å nå kategori 4.
Orkanar med maksimale vedvarande vindstyrke på ca. 210 til 250 kilometer i timen er klassifiserte til å vere kategori 4, noko som er det nest høgste på Saffir-Simpson-skalaen.
– Svært sjeldan at vi ser dette
Ein kategori 4-orkan er rekna for å vere katastrofal, og kan gjere stor skade på bygningar.
Så langt har ingen av orkanane nådd land. Søndag nådde Kilo og Ignacio kategori 3 igjen. Jimena er nokre dagar unna Hawaii, og er framleis rekna å vere kategori 4.
– Det er ikkje ofte slike orkanar ligg som perler på ei snor, som oftast døyr dei ut før dette skjer, seier statsmeteorolog Kristian Gislefoss.
Like ved dei tre orkanane er ein ny storm på veg, noko som gjer at vi har fire tropiske stormar på rekke og rad, ifølgje Gislefoss.
Langt kraftigare enn vårt uvêr
Dette er den første registrerte førekomsten av det sjeldne vêrfenomenet, sidan starten av registreringa, der tre kategori 4-orkanar herja i det sentrale og austlege Stillehavet samstundes. Det skriv The Weather Channel.
Central Pacific Hurricane Center NOAA sende ut bilete av vêrfenomenet, som kjem av det dei kallar El-Niño. Det er ein isolert, men periodisk oppvarming av det sentrale og austlege ekvatoriale Stillehavet, skriv dei.
– Dette er absolutt eit spanande fenomen, det er jo noko av det kraftigaste vêret vi har. Desse stormane er langt meir kraftige enn det vi opplever på norske breidder, fortel Gislefoss.
Tre kategori 4-orkanar søndag morgon. Kilo (venstre), Ignacio (midten) og Jimena (høgre).
Foto: HO / Afp