Hopp til innhold

Eksplosjonar i fleire ukrainske byar: Militæret registrerte 69 missil

Ukrainske styresmakter melder om ei ny bølge missilangrep. Talet på missil skal likevel vere lågare enn det som var varsla tidleg torsdag morgon.

Local residents resident react after Russian missile strike, in Kyiv

NYE ANGREP: Lokale Yana held rundt ei venninne ved heimen til mor si, som blei råka av missilangrepet 29. desember.

Foto: VALENTYN OGIRENKO / Reuters

Ukraina har blitt utsett for «massive» angrep, skriv det ukrainske militæret. Dei hevdar at missila blei sende ut frå fartøy både i lufta og til sjøs, og trefte fleire stader.

Sjefen for presidentkontoret i Ukraina, Mykhailo Podoljak, skreiv på Twitter at russarane hadde sendt ut fleire enn 120 missil mot Ukraina.

Han hevda at desse var retta mot mange sivile mål, og skulle «øydelegge kritisk infrastruktur».

Talet militæret no har sendt ut er mykje lågare, på 69. Av desse blei 54 stoppa av deira luftvern, seier ukrainsk militærsjef Valerij Zaluzjnyj.

Aftermath of shelling, as Russia's attack on Ukraine continues, in Zaporizhzhia

Biletet skal vere frå ein landsby i Zaporizjzja-regionen etter missilangrepa 29. desember.

Foto: HEAD OF ZAPOR OLEKSANDR STARUKH / Reuters

Likevel er det registrert skadar på infrastruktur fleire stader.

40 prosent av områda i Kyiv har mista straumen, melder ordførar Vitalij Klitsjko. Han seier at minst tre personar er skadde og får behandling på sjukehus.

Ein av dei skadde skal vere ei 14 år gammal jente.

Klitsjko seier at straumen kan forsvinne, og ber innbyggarane om å fylle tankar med vatn til naudstilfelle.

Styresmaktene i Kyiv seier at 16 missil blei registrerte over byen, og at alle 16 blei skotne ned av ukrainsk luftvern. Fragment frå missila skal ha skada tre bustadhus og ein bil.

Opplysingane har ikkje blitt bekrefta frå uavhengig hald, men bilete frå Reuters og AP torsdag ettermiddag synte skadar på bygg og infrastruktur i Zaporizjzja og Kyiv.

Denne videoen skal vise ukrainske styrkar som skyt ned ein russisk missil. Videoen er ikke fra i dag.

Missil har slått ned på Belarusisk jord

Det russiske nyheitsbyrået TASS melder torsdag ettermiddag at ein ukrainsk S-300 missil har blitt skoten ned i Belarus.

Om denne var del av luftvernet som ukrainsk militær hevdar skaut ned dei 54 dronane, var ikkje tydeleg i meldinga.

Det statlege nyheitsbyrået Belta skriv at det enno ikkje er kjent om nokon er skadde, og at nedslaget skjedde mellom klokka 10 og 11 lokal tid torsdag føremiddag.

S-300 blir brukt for å skyte ned rakettar og fly. Det var ein liknande missil som slo ned i Polen i november, melder Reuters.

Detaljane kring nedslaget er framleis ukjent. Informasjonen er foreløpig ikkje bekrefta av uavhengige kjelder.

Fleire ukrainske byar er råka

I Lviv vest i landet melder ordførar Andrij Sadovyj at 90 prosent av byen er utan straum. Han åtvara om at også vatnet kunne kome til å bli stengt av.

– Vi ventar på meir informasjon frå energiekspertar. Trikkane og bussane går ikkje i byen.

Ordføraren i Kharkiv, Ihor Terekhov, seier til Reuters at dei også er råka, og at styresmaktene der jobbar med å få greie på kva som er treft og om nokon er skadde.

Den regionale leiaren for den sørlege provinsen Odesa, Maksym Martsjenko, seier at 21 missil har blitt skotne ned i regionen.

Rescuers work at a site damaged during a Russian missile strike, in Kyiv

Store skadar på eit bustadhus som følge av missilangrepet på hovudstaden torsdag morgon.

Foto: VALENTYN OGIRENKO / Reuters

Fragment av desse skal ha treft eit bustadbygg, men ingen skal vere skadde.

I den sørlege regionen Mykolajiv, skriv guvernør Vitalyj Kim at fem missil har blitt stoppa av luftforsvaret.

Det er også meldt om fleire angrep frå Kamikaze-dronar i løpet av natta, ifølge AFP.

Heller ikkje desse opplysingane er bekrefta frå uavhengig hald.

Avviser Ukraina sin «fredsformel»

Den russiske utanriksministeren Sergei Lavrov sa tidleg torsdag at Russland ikkje kom til å bruke president Volodymyr Zelenskyj sin «fredsformel» som grunnlag for samtalar.

Han blir sitert av det statlege nyheitsbyrået RIA i Russland, og meiner at Kyiv framleis ikkje er klare for reelle fredssamtalar.

Den såkalla fredsformelen er ein plan med ti punkt som krev at Russland respekterer Ukraina sin territorielle integritet og trekk ut alle styrkane sine.

Russia Ukraine War

Innbyggarar i Kyiv søkte tilflukt på undergrunnsstasjonen torsdag morgon.

Foto: Efrem Lukatsky / AP

Russland krev at dei ukrainske styresmakter gir frå seg fire regionar som dei har okkupert – Luhansk og Donetsk i aust, og Kherson og Zaporizjzja i sør.

Dei krev også at Ukraina gir frå seg Krim, som Russland annekterte i 2013.

Kampane går framleis føre seg nær den nyleg frigjorde byen Kherson, der særleg områda i nærleiken av Dnipro-elva blir utsette for bombing og artilleriangrep.

Desse er frå dei russiske styrkane, som trekte seg tilbake til austbreidda av denne elva då ukrainarane tok tilbake byen sist månad.

Onsdag blei fødeavdelinga på eit sjukehus råka av kampane, men ingen skadde. Det melder stabssjefen til den ukrainske presidenten.

China Russia

Nokre av missila skal vere skotne frå skip. Ei slik oppskyting blei utført her, under militærøvingar på kinesisk territorium tysdag.

Foto: Xu Wei / AP

Reuters har intervjua ei kvinne som nett hadde fått sitt første barn på avdelinga. Ho heiter Olha Prysidko, og kom seg uskadd gjennom angrepet.

– Det var skremmande. Eksplosjonane starta plutseleg, handtaket på eit vindauget starta å losne. Hendene mine skjelv framleis.

– Då vi kom oss ned i kjellaren hadde ikkje skytinga stoppa. Ikkje i eit minutt.

Moskva har fleire gongar nekta for at dei russiske styrkane går til angrep på sivile mål.

SISTE NYTT

Siste nytt