Hopp til innhold

Eks-president dømd for valdtekt

Ein israelsk domstol har funne den israelske eks-presidenten Moshe Katsav ()skuldig i valdtekt, melder israelske media.

Israelsk president, Moshe Katsav

Moshe Katsav.

Foto: MARKUS SCHREIBER / AP

Katsav var president i Israel frå 2000 til 2007. Han har heile tida nekta for skuldingane om to valdtekter, trakassering og usømeleg åtferd som er framsett av tre av hans tidlegare sekretærar.

Katsav vil kunne venta seg minst åtte års fengselsstraff, men kan anka dommen frå den regionale domstolen i Tel Aviv til Høgsterett.

– Heksejakt

Han har tidlegare uttalt at han er offer for ei heksejakt, og har gjeve media skulda for katastrofen som har råka han.

– Eg er blitt mål for eitt av dei verste angrep i staten Israels historie. Eg vil kjempa til siste andedrag, om det så skulle tyda verdskrig, for å reinvaska meg, sa Katsav i eit intervju på israelsk fjernsyn i januar 2007.

Presidenten i Israel har lite politisk makt og embetet er i stor grad symbolsk og seremonielt. Valdtektsdommen er likevel svært alvorleg for ein som er tidlegare statsoverhovud for den jødiske staten.

Gjekk av

Dommen kjem etter ein fire år lang rettsprosess som starta med at Katsav måtte tre av frå presidentvervet i juni 2007.

Katsav har tidlegare avslått eit tilbod om å leggja saka død mot ei tilståing.

Demonstrasjonar mot Moshe Katsav i Tel Aviv

Demonstrasjonar mot Moshe Katsav i Tel Aviv utanfor rettssalen i Tel Aviv i dag.

Foto: BAZ RATNER / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt