Hopp til innhold

Hardt pressa etter sex-skuldingar

Israels president Moshe Katsav, som kan bli tiltalt for seksuelle overgrep, held seg heime under opninga av parlamentet i dag.

Israels president Moshe Katsav er skulda for seksuelle overrgep.
Foto: YONATHAN WEITZMAN / REUTERS

Dette skjer etter at fleire representantar i Knesset har protestert mot at presidenten skulle delta ved opninga av haustsesjonen.

I går vart det klart at israelsk politi tilrår at det blir teke ut tiltale mot presidenten for valdtekt, seksuell trakassering og ulovleg avlytting.

Etterforskinga starta i august, då ein tidlegare sekretær melde Katsav til politiet for seksuelle overgrep.

 

Denne kvinna har meldt Moshe Katsav for seksuelle overgrep.
Foto: EBU

60 år gamle Moshe Katsav nektar for alle skuldingane og seier at han er offer for ei heksejakt. Han seier framleis at han ikkje har tenkt å gå av. Om han blir tiltalt og dømd risikerer han mellom tre år og 16 år i fengsel.

Katsav er gift og har fem born.

Vurderer tiltale

Den israelske riksadvokaten Menachem Mazuz er venta å ta stilling til om det skal reisast sak mot Katsav i løpet av to til tre veker.

Skuldingane mot Katsav er dei mest alvorlege som nokon gong er retta mot ein israelsk politikar, trass  i at fleire politiske leiarar, inkludert tidlegare statsminister Ariel Sharon, har vore etterforska for korrupsjon.

Sex-skandalen rundt den israelske presidenten truar med å overskugge den høgtidelege opninga av haustsesjonen i Knesset. Katsav sa først at han kom til å delta på opninga, men etter at mange representantar protesterte, har han no valt å ikkje møte opp.

Iranskfødde Moshe Katsav er avhøyrd av politiet fem gonger dei siste månadene, etter at så mange som 10 kvinner har meldt han for valdtekt og seksuell trakassering.

Kjelder i politiet seier at det er nok bevis for å tiltale han for tre eller fire av sakene.

Symbolsk stilling

Presidenten i Israel har lite politisk makt og embetet er i stor grad symbolsk og seremonielt. Om Katsav blir tvungen til å trekkje seg frå presidentembetet blir han den andre presidenten som må gå etter ein skandale.

Forgjengaren Ezer Weizmann måtte gå av etter at det vart avslørt at han hadde motteke fleire millionar kroner i gåver frå ein fransk millionær på 1980-talet, då Weizmann var parlamentsmedlem og statsråd.

Moshe Katsav vart overraskande vald til president i Israel i 2000 av representantane i Knesset, etter å ha slått ut storfavoritten Shimon Peres.

SISTE NYTT

Siste nytt