Hopp til innhold

- Grensene for overvakinga sette me sjølve

Ein tidlegare dansk politimann står no fram og fortel korleis han leidde ei gruppe som overvaka og registrerte danskar på oppdrag for den amerikanske ambassaden i København.

Den tidlegare politibetjenten Frank Rosendahl var frå 1998 til 2002 direktør i firmaet United International Investigative Service, som hadde oppdrag for den amerikanske ambassaden på Østerbro i København.

– Det var eit spørsmål om etikk og om å vurdera kva som var forsvarleg. Kan eg stå inne for dette som person?, seier Frank Rosendahl til den danske avisa Politiken.

– Dansk politi visste

Den tidlegare danske overvakingsleiaren står fram etter at norsk TV2 har avslørt korleis tidlegare politimenn i Noreg i ti år har overvaka mistenkjelege nordmenn i kvartalet rundt den amerikanske ambassaden i Oslo.

Han skal i fireårs-perioden ha vore leiaren for ei observasjonsgruppe på seks menn som vidaresendte opplysningar om mistenkjelege personar til den amerikanske ambassaden den danske hovudstaden.

Rosendahl seier til Politiken at det var hans «klare inntrykk» at den danske etterretningstenesta (PET) var fullt klar over at overvakinga fann stad.

– Eigen samvit avgjorde

Overvakingsmaterialet vart overlevert til Regional Security Officer Assistant (RSO) ved den amerikanske ambassaden.

– Me la alle bileta inn på datamaskin, og skreiv rapportar om at me hadde sett denne mannen klokka det og det på denne staden, og la ved skildringar av mannen, fortel Rosendahl.

Den tidlegare leiaren av overvakingsgruppa fortel at det var hans eigen samvit som sette grensene for kor langt overvakinga skulle gå.

Eit eigentleg lovgrunnlag for gruppa si verksemd på dansk jord skal han aldri ha fått presentert.

– Starta uskuldig

Akkurat som i Oslo, etablerte Rosendahl si overvakingsgruppe seg med eit kontor rett overfor den amerikanske ambassaden.

Han hevdar at overvakinga berre fann stad i området rundt ambassadebygget, og at han difor ikkje kjenner til identitetane til personane som vart registrerte.

Ein annan person som skal ha jobba i Rosendahl si overvakingsgruppe, seier derimot til Politiken at dei har skugga personar rundt om i heile København for å finna ut kven dei var i kontakt med.

– Overvakinga starta litt uskuldig med fotografering av dei med brune augo, men blei trappa opp etter terroråtaket mot USA den 11.september 2001, seier den anonyme kjelda til avisa.

– Ulovleg

Dei nye opplysningane kjem overraskande på Jørn Vestergaard, som er professor i strafferett ved Københavns Universitet.

– Dette høyrest ut som ulovleg etterretningsarbeid, seier han.

– Med mindre den danske regjeringa har gjeve USA særleg løyve. Men det er det jo ingenting som tyder på, ettersom både justisminister Lars Barfoed og den tidlegare operasjonssjefen i PET, Hans Jørgen Bonnichsen, har avvist at dei
kjende til overvakingsprogrammet, uttaler Vestergaard til Politiken.


SISTE NYTT

Siste nytt