Hopp til innhold

Eittåring skoten og drepen på trilletur med familien

Ein eitt år gammal gut vart skoten og drepen under ein trilletur saman med foreldra i Brooklyn i natt norsk tid. Målet for angrepet var truleg faren.

Drap på eittåring i New York.

Politiet gjer tekniske undersøkingar på barnevogna eittåringen sat i.

Foto: Robert Stolarik / Ap

Tragedien skjedde i den mest belasta delen av Brooklyn, Brownsville. Kjelder i politiet seier at kulene var meinte for faren til guten. Det vesle barnet vart treft av tre eller fire kuler i ansiktet. Han vart teken raskt til sjukehus, men det var ikkje mogleg å berge livet hans.

Gina Gamboa (23) var like i nærleiken då skytinga starta.

– Eg høyrde tre eller fire skot. Eg såg ein mann med ei barnevogn som ropte: Babyen min er skoten. Mannen var fullstendig vill, seier Gina Gamboa til The New York Post.

Ingen er arrestert etter det brutale drapet.

Bydelen Brooklyn i New York har dei siste åra vorte svært populær blant mange unge og nyetablerte familiar. Brooklyn er ein god del billegare enn Manhattan, og det har gjort at mange har flytta over til den andre sida av East River. Desse har starta ein trend, og Brooklyn er no eit av dei mest populære bydelane i New York.

Dette gjeld likevel ikkje Brownsville-området. Dette strøket har den største tettleiken av kommunale husvære i heile i USA, og det har rykte på seg for å vere eitt av dei farlegaste nabolaga i New York.

Drap på eittåring i New York.

Slektningar har laga ei minnealter for eittåringen på staden der han vart skoten og drepen.

Foto: John Minchillo / Ap

SISTE NYTT

Siste nytt