NRK Meny
Normal

Ein million mot islamisering

Over ein million menneske demonstrerte i Istanbul i Tyrkia til støtte for det klare skiljet mellom religion og politikk som er nedfelt i grunnlova.

Store demonstrasjonar i Istanbul mot islamisering.
Foto: MURAD SEZER / AP

Det er stor frykt for at dette skiljet  vil bli trua, dersom Abdullah Gül frå det islamistiske partiet AKP blir vald til president.

AKP har regjeringsmakta i Tyrkia og eit klart fleirtal i nasjonalforsamlinga, som vel presidenten. Statsminister Recep Tayiip  Erdogan kjem også frå AKP.

Det tyrkiske forsvaret, som ser seg som vaktar av grunnlova, har kome med sterke åtvaringar mot å true den sekulære grunnlova.

 

 

Vel ein million menneske demonstrerte i Istanbul.
Foto: FATIH SARIBAS / REUTERS

Militæret har stått bak tre kupp i Tyrkia sidan 1960, under påskot av at dei styrande ikkje har etterlevd grunnlova.

Demonstrantane i Istanbul i dag kravde at den islamistvenlege regjeringa skal gå av.

- Tyrkia er sekulært og vil forbli sekulært, runga det i gatene i den europeiske delen av Istanbul, der demonstrasjonen gjekk føre seg.

- Vi vil korkje ha sharialover eller militærkupp, ropte andre.

Vel 1,5 millionar menneske deltok i ein liknande demonstrasjon i hovudstaden Ankara 14. april.

 

- Adjø Gül, står det på dette banneret.
Foto: HOCINE ZAOURAR / AFP

 

Abdullah Gül gjorde det klart i dag at han ikkje kjem til å trekkje seg som presidentkandidat. Opposisjonen fryktar at når AKP også får presidentmakta, vil vegen vere open for partiet til å endre lovene som påbyr eit klart skilje mellom religion og politikk.

Observatørar seier det er frykt for både at partiet AKP vil prøve å islamisere grunnlova, samstundes som det også er stor frykt for eit nytt militærkupp i Tyrkia.

Skiljet mellom politikk og religion har stått sentralt i den tyrkiske grunnlova heilt sidan grunnleggjaren av det moderne Tyrkia, Mustafa Kemal Atatürk regjerte.

Mange av demonstrantane i Istanbul i dag bar plakatar med bilete av Atatürk.

 

 

Demonstrantar hadde med bilete av Mustafa Kemal Atatürk.
Foto: FATIH SARIBAS / REUTERS

 

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt