Skjelvet er det dødelegaste i verda på over 10 år.
Antalet omkomne har passert 50.000.
Det første skjelvet ramma søraustlege Tyrkia og nordvestlege Syria 4.17 lokal tid natt til 6. februar. Det blei målt til ein styrke på 7,8.
Sidan har det blitt registrert over 10.000 etterskjelv, blant dei eitt som blei målt til ein styrke på 7,5.
Det har no gått ein månad sidan det første skjelvet. Situasjonen er framleis kritisk.
Gjenoppbyggingsarbeidet er overveldande. Tusenvis ligg gravlagt i ruinane og attlevande må klare seg i telt og andre mellombelse bustader.
Mehmet Serkan Sincan har opna antikkbutikken sin for å prøve få ein form for kvardag.
Foto: SUSANA VERA / ReutersFamiliar framleis fråskilde
Ein jobbar framleis med å foreine familiar som mista kontakten med kvarandre etter skjelvet.
Familieministeren i Tyrkia fortalde onsdag at dei har foreina over 1800 einslege born med familiane sine etter jordskjelva.
Fevzi Anli (53) ber barnebarnet, medan dei ventar i matkø.
Foto: SUSANA VERA / ReutersFleire av borna som blei funne i ruinane har endå ikkje blitt ført saman med familiane sine. Nokon av dei har ikkje blitt identifisert, medan andre er innlagt på intensivavdelingar på ulike stader Tyrkia.
I Syria har skular blitt omgjorde til senter for familiar som har mista heimane sine.
– Kollektive bustadleiarar er hovudfokus no. Tusenvis har mista heimane sine, og har ikkje nokon stad å gå.
Det fortel Kirkens Nødhjelps landsdirektør i Syria, Ruba Khoury. Ho er i Syria når ho svarar på spørsmål frå NRK.
– Med naturkatastrofar som jordskjelv blir alle menneske råka. Rike og fattige har mista familiemedlem, eigendelar, tryggleik og håp. Men det er alltid dei fattigaste som er mest sårbare, legg ho til.
Mellombelse teltleirar
Den tyrkiske presidenten Tayyip Erdogan har lova at gjenoppbygginga skal skje innan eitt år.
Om lovnaden stemmer er det framleis månadar til dei som no bur mellombelse teltleirar kan flytte inn i permanente bustader.
Teltleiarar er sett opp for overlevande etter jordskjelva.
Foto: SUSANA VERA / ReutersMoskear, idrettsarenaar, telt og tog blir no brukt for å gje husly til dei som har mista heimane sine.
Verdsbanken anslår at det har skjedd materielle skadar på over 350 milliardar kroner i Tyrkia, og 53 milliardar kroner i Syria.
Dei anslår at det truleg vil koste det dobbelte å bygge opp att etter skadane frå jordskjelva.
Bozhoyuk i Tyrkia henger klede til tørk utanfor det som er igjen av ein moské.
Foto: SUSANA VERA / Reuters– Folk er framleis livredde
– Ein månad etter det dødelege jordskjelvet er folk framleis livredde. Dei er redde for å returnere til dei skada husa sine. Dei spring ut i gatene kvar gong dei merkar eit etterskjelv.
Meir enn seks millionar menneske er ramma i Syria, fortel Khoury.
FN har sendt lastebilar med naudhjelp inn i Syria, men det har vore vanskeleg å hjelpe på grunn av sanksjonar og konsekvensar frå den langvarige krigen.
Leyla Ogural (52) tar avskjed med to helsearbeidarar.
Foto: SUSANA VERA / ReutersKhoury fortel at det er humanitære organisasjonar som arbeider i området. Dei forsøker å dekke grunnleggande behov; mat, drikke, helsehjelp, og kanskje først og fremst husly.
– Vi må hugse at folk i dette området allereie har levd med krig i fleire år, saman med inflasjon, skogbrannar og pandemi. Med andre ord, jordskjelvet ramma ei allereie sårbar gruppe, som førte til katastrofale negative konsekvensar, fortel ho.
Vil ha konsekvensar langt fram i tid
– Denne katastrofen kjem til å prege både Tyrkia og Syria i lang tid framover, fortel Jørgen Haldorsen, utanlandssjef i Røde Kors, til NRK.
Jørgen Haldorsen, utanlandssjef i Røde Kors. Her saman med Eiad Tamer frå Syrias Røde Halvmåne i Latakia i Syria.
Foto: SALTBONES / Røde Kors– Dei første minutta og dagane handla det om å leite etter overlevande og redde alle som kunne reddast. No handlar dette arbeidet om å hjelpe dei som har overlevd. Mange har mista alt dei har, familiemedlemmer, heimar og høve til å skaffe seg ei inntekt, fortel han.
– Eg var i Syria to veker etter jordskjelvet og møtte menneske som først har gjennomlevd 12 år med konflikt og no fekk denne katastrofen på toppen. Røde Kors i Noreg har auka innsatsen i Syria etter jordskjelvet og dette arbeidet vil halde fram i lang tid, avsluttar han.