Hopp til innhold

Ei muslimsk verd samla i sjokk og vantru

Muslimar verda over i sjokk etter sjølvmordsangrep på nokre av deira mest heilage stader, noko som pregar høgtida som markerar slutten på ramadan.

Mideast Saudi Arabia

Måndag blei Saudi-Arabia råka av 3 sjølvmordsangrep. I juni rapporterte innanriksdepartementet om 26 terrorangrep i landet dei to siste åra.

Foto: Hadi Mizban / Ap

– Ingenting er heilagt for desse feigingane. Om dei kunne nedslakte muslimar i den store moskeen i Mekka, ville dei ha gjort det, skriv Hayder al-Khoei, forskingsleiar ved Centre for Academic Shia Studies, på Twitter, gjeve att av al-Jazeera.

Han er ein av fleire forskarar, aktivistar og politikarar som fordømmer sjølvmordsangrepet som råka den andre heilagaste byen i islam, Medina, måndag kveld, rett før solnedgang.

Sjiamuslimske mål

APTOPIX Saudi Suicide Bombing

Mot slutten av ramadan kvart år kjem det mange tilreisande pilegrimar til den heilage profetens moské i Medina. Måndag var det mange som kom farleg nær eit sjølvmordsangrep, men det var tryggingsvaktene utanfor som måtte bøte med livet idet sjølvmordsbombaren var på veg mot moskeen.

Foto: Noor Punasiya / Ap

Ein sjølvmordsbombar detonerte ei bombe på veg til ein sjiamuslimsk moské der mange var samla for å bryte fasta saman. Det var det tredje angrepet som råka Saudi-Arabia måndag, og det andre mot eit sjiamuslimske mål.

Tidlegare på dagen sprengde ein sjølvmordsbombar seg utanfor ein sjiamoské aust i landet utan å skade andre, og endå ein nær USA sitt konsulat i Jeddah. Heller ikkje her var det nokon som omkom utanom sjølvmordsbombaren, men to vakter blei skadde.

Tysdag melde det saudiarabiske innanriksdepartementet at sjølvmordsbombaren som sprengde seg i Jeddah var ein pakistansk mann som hadde budd 12 år i landet og jobba som sjåfør.

Ingen har så langt teke på seg skulda for angrepa, men den sjiamuslimske minoriteten i landet har vore mål for fleire angrep ekstremistgruppa IS hevdar å stå bak. Dei sunnimuslimske ekstremistane i IS reknar sjiamuslimar som vantru, og har den siste tida slått til mot fleire sjiamuslimske mål.

Men tysdag var det ei samla muslimsk verd, både sunni- og sjiamuslimar, som fordømde angrepa i Saudi-Arabia.

Mideast Saudi

Sheikh al-Faleh, direktør av Profetens moské, kyssar panna til ein av dei som blei skadd i sjølvmordsangrepet måndag.

Foto: Uncredited / Ap

Iran oppfordrar til felles front

Også Saudi-Arabias erkerival Iran har gått ut og fordømt angrepa, og seier at det er på tide landa legg usemja til side for saman å kunne stå sterkare mot islamistiske militante.

– Det er ingen fleire røde linjer terroristane kan krysse. Sunni- og sjiamuslimar vil begge bli verande offer om vi ikkje står saman, skriv utanriksminister Javad Zarif på Twitter.

Laster Twitter-innhold

Det allereie kjølige forholdet mellom dei to landa blei endå kaldare i januar, då Saudi-Arabia avretta ein høgstståande sjiamuslimsk lærd, som førte til sterke reaksjonar frå Iran. I tillegg fekk relasjonen nok ein knekk då 464 iranarar blei trampa i hel på pilegrimsreise til Mekka i fjor.

Sjølv om begge landa kjempar mot IS er det på kvar sin front – Iran i Syria på president Assad si side, Saudi-Arabia i ein storkoalisjon leia av USA.

Det kom ingen umiddelbar tilbakemelding frå Saudi-Arabia, som skuldar Iran for å spreie sekterisk strid ved å støtte sjia-militsar i Jemen, Irak og Syria, og å oppfordre til opprør i det sjiadominerte austlege Saudi-Arabia.

SISTE NYTT

Siste nytt