Hopp til innhold

- Guddommeleg straff vil ramme Saudi-Arabia

Irans øvste leiar ayatolla Ali Khamenei langar ut mot Saudi-Arabia etter avrettinga av den sjiamuslimske skriftlærde Nimr al-Nimr i går. Seint i går kveld gjekk fleire hundre demonstrantar til angrep på den saudiarabiske ambassaden i Teheran.

IRAN-US-NUCLEAR-KHAMENEI

Irans øvste leiar, ayatolla Ali Khamenei, brukar harde ord mot styresmaktene i Saudi-Arabia.

Foto: - / Afp

Politiet greidde til slutt å kaste demonstrantane ut frå ambassadeområdet, men ikkje før dei hadde starta fleire brannar og gjort betydeleg hærverk. 40 av demonstrantane er arresterte, opplyser iranske styresmakter i dag.

Statsadvokat Abbas Jafari Dolatabi seier til nyheitsbyrået ISNA at det kan kome fleire arrestasjonar. Den iranske utanriksministeren har bede demonstrantane om å roe seg .

– Politisk feilsteg

Angrep på ambassaden i Teheran.

Fleire hundre demonstrantar gjekk laus på den saudiarabiske ambassaden i Teheran seint i går kveld.

Foto: Mohammadreza Nadimi / Ap

Ayatolla Ali Khamenei brukte sterke ord då han tok avstand frå avrettinga av Nimr al-Nimr. Han sa at den saudiarabiske politikarar vil bli ramma av ei guddommeleg straff, og at avrettinga av Nimr vil vise seg å vere eit stort politisk feilsteg.

Han langa ut også mot Saudi-Arabias vestlege allierte, som han skulda for å vere tause når landet braut menneskerettane.

– Kvifor er desse landa, som seier dei støttar menneskerettane, er tause? Kvifor støttar desse landa, som seier dei er for fridom og demokrati, den saudiarabiske regjeringa?, spurde ayatolla Ali Khamenei i talen.

Han viste også til at Nimr aldri hadde oppfordra til valdsbruk, men at han protestert mot styresmaktene på ein fredeleg måte.

Bilete frå uroa i Teheran laurdag kveld.

Angrep på den saudiarabiske ambassaden i Teheran.

Sekterisk uro

Medan vestlege menneskerettsgrupper var raskt ute med å fordømme avrettingane i Saudi-Arabia, har det ikkje kome fram direkte kritikk. Amerikansk UD uttrykte i går uro for at avrettinga av Nimr al-Nimr ville føre til auka sekterisk uro i Midtausten, men det var ingen direkte kritikk av Saudi-Arabia.

President Barack Obama er på jule- og nyttårsferie på Hawaii, og har ikkje kommentert avrettinga. Ein av tryggingsrådgjevarane hans, Ben Rhodes, seier likevel at USA har bede Saudi-Arabia om å vere tilbakehaldne, og om å respektere menneskerettane.

Saudi-Arabia har også skrudd opp temperaturen i retorikken mot Iran etter dei sterke iranske reaksjonane. I ei fråsegn frå utanriksdepartementet i Riyadh heiter det at Iran med kritikken forsvarar terror, og at landet er ein støttespelar for terror i regionen. Iran blir også skulda for å utøve «blind sekterisme».

Viktig sjia-skriftlærd blant 47 henrettede i Saudi-Arabia

– Kongefamilien i Saudi-Arabia vil bli utslettet

- Medverka til angrep

Det var i går at Saudi-Arabia avretta den sjiamuslimske skriftlærde Nimr al-Nimr og tre andre sjiamuslimar, i tillegg til 43 sunnimuslimar. Dei fleste var ifølgje styresmaktene knytte til Al Qaida-nettverket, og dei var tiltalte for i åra 2003 til 2006 å ha medverka til fleire angrep der fleire hundre menneske vart drepne.

Dei viktigaste tiltalepunkta mot Nimr var at han oppmoda til oppstand etter å ha støtta massedemonstrasjonar i Saudi-Arabia i februar 2011.

Nimr al-Nimr vart dømd til døden i 2014 for å ha hjelpt terroristar og for å ha gått til krig mot Allah.

SISTE NYTT

Siste nytt