Hopp til innhold

Ebolautbrot: Jobbar med å få heim norske studentar

WHO og styresmaktene i Uganda stadfestar at det er eit pågåande ebola-utbrot i landet. Fleire norske medisinstudentar er for tida på praksis ved sjukehus i landet.

MUBENDE, UGANDA - SEPTEMBER 20: Health measures are taken at Mubende Regional Referral Hospital after an outbreak of Ebola in the country in Mubende, Uganda on September 20, 2022. Uganda’s Health Ministry on Tuesday confirmed an outbreak of Ebola in the country. Senior health official Dr. Diana Atwine told reporters one death related to Ebola has been recorded in the country’s central district of Mubende. Nicholas Kajoba / Anadolu Agency/ABACAPRESS.COM

SMITTE: På eit sjukehus Mubende i Uganda døde ein mann av ebola.

Foto: AA/ABACA / Abaca

På ei pressekonferanse tysdag stadfesta helsestyresmaktene i Uganda at det er eit pågåande ebolautbrot i landet.

Universitetet i Bergen har 15 studentar som er i praksis på eit sjukehus i hovudstaden Kampala.

– UiB har vore i kontakt med studentane. Ingen er smitta, dei har det bra, men som eit førebyggande tiltak jobbast det med å få dei heim, seier dekan ved Det medisinske fakultet, Per Bakke til NRK.

Ifølge Bakke er det ikkje er noko dramatikk, men dei vil vere på den sikre sida. Han seier at ebola smittar ved kontakt, gjennom blant anna blod og andre kroppsvæsker.

– Når dei er i kontakt med pasientar, er det teoretisk ein moglegheit og då fann vi ut at det var like greitt at dei kunne kome heim.

Han understrekar at studentane har det bra og at dei tok beskjeden om heimreise med ro.

Mann døde

Ein 24 år gammal mann døydde etter han testa positivt for viruset som forårsakar ebola. Det meldte ugandiske helsestyresmakter i går, skriv nyheitsbyrået Reuters.

Ifølgje NTB veit dei ikkje korleis han vart smitta av viruset.

Han budde i byen Mubende, som er rundt 150 kilometer frå Kampala.

Helseminister i Uganda Diana Atwine held pressekonferanse om ebolautbrot i landet.

Sekretæren i helsedepartementet Diana Atwine hadde pressekonferanse om det pågåande ebolautbrotet i Uganda tysdag.

Foto: Hajarah Nalwadda / AP

Ifølgje sekretæren i helsedepartementet Diana Atwine hadde mannen høg feber, diare, magesmerter og kasta opp blod. Han var opphavleg behandla for malaria.

Ifølgje Atwine døde seks personar i familien hans tidlegare i september, og Atwine seier at dei kan også ha hatt ebola. Det skriv VOA-News.

Ebola smittar gjennom direkte kontakt med kroppsvæsker frå ein smitta person. Uganda har hatt fleire ebolautbrot, inkludert eit i 2000 som tok livet av fleire hundre.

Åtte mistenkte tilfelle

Verdsorganisasjonen for helse (WHO) seier at det per no er åtte mistenkte tilfelle i landet, skriv Reuters. Dei får behandling på sjukehus.

– Uganda er ikkje framand for å motarbeide ebola effektivt. På grunn av ekspertisen, har det blitt raskt sett i gang tiltak for å stoppe spreiinga av viruset, seier WHOs region direktør i Afrika Matshidiso Moeti.

Moeti seier at dei hjelper Uganda med å kartlegge utbrotet og gir ekstra arbeidskraft til det råka området.

Utbrotet i Uganda skal vere frå Sudan-stammen av viruset. Det gjer det vanskeleg å vaksinere dei som har vore i kontakt med dei smitta.

– Vaksineringa som fungerte med Zaire-stammen, vil ikkje hjelpe på denne Sudan-stammen, seier WHO sin leiaren for sjukdomsførebygging i Uganda, Dr. Bayo Fatunmbi.

Det siste ebolautbrotet i Uganda med den sjeldne Sudan-stammen var i 2012, skriv VOA-News.

SISTE NYTT

Siste nytt