Hopp til innhold

Drepen av bilbombe i Gaza

Ein person er drepen og tre er såra etter at ei bilbombe ekspolderte på Gazastripa, ifølgje augevitne.

Bilen som eksploderte i Gaza by

Bilen som eksploderte i Gaza by

Foto: SUHAIB SALEM / Reuters

Sprengladningen var i ein politibil, som gjekk i lufta like utanfor hovudpolitistasjonen i Gaza by.

Bakgrunnen for eksplosjonen er uklar, og det Hamas-kontrollerte politiet på Gazastripa har starta etterforsking.

– Vår første tanke var at dette var eit angrep frå Israel, men vi vil etterforske for å finne ut kven som står bak, seier ein talsmann for Hamas ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

Dei melder også at den omkomne er ein 25 år gammal mann.

Augevitne fortel at dei såg eit hol i bakken der eksplosjonen skjedde, og at dette likna på eit luftangrep.

SISTE NYTT

Siste nytt