Hopp til innhold

No vert doplangarane kasta ut av Christiania

Saman med politiet skal bebuarane riva opp «dopgata» i København, brustein for brustein.

Innbyggere deltar i å rive opp Pusher Street i Christiania

BEVAR CHRISTIANIA: Innbyggjarane i fristaden vil at heimstaden deira skal verte tryggare. Difor deltek dei no i arbeidet med å riva opp heile Pusher Street og få vekk dopsalet.

Foto: Johan Nilsson / TT/NTB

I fleire tiår har Christiania i København vore kjend som ein fristad. Eit slags alternativt samfunn med rom for alle slags folk, òg dei som står litt utanfor samfunnet.

Men det har òg vore kjent for gata Pusher Street og narkotikalangarane som held til der.

Gjengar som Hells Angels og Bandidos har vore kopla til dopsalet i Christiania, ifølge Berlingske Tidende.

Det skal det verte slutt på no.

Innbyggjarane har nemleg bestemt seg. Dei vil verte kvitt langarane, den organiserte kriminaliteten og valden som følgjer med.

Dei meiner det berre kan skje dersom politiet gjer det trygt å opphalda seg i den berykta gata.

Difor skal politiet grava opp gata laurdag, brustein for brustein. Det er fyrste steg for å kasta doplangarane ut.

Nesten på slaget klokka 10 laurdag vart den fyrste brusteinen fjerna.

Graver opp Pusher Street i Christiania

Mange har møtt opp for å markera at Pusher Street skal rivast opp, brustein for brustein.

Foto: Ritzau/Scanpix/Reuters

Og sjølv om både justisministeren og ordføraren var til stades, var det bebuar Risenga Manghezi som fekk æra av å fjerna han.

Innbyggjarane på lag

Det er ikkje noko nytt at politiet prøvar å få vekk doplangarane i Pusher Street. Det har dei forsøkt mange gonger før, utan hell.

Men denne gongen er det éin viktig forskjell:

– Det som er annleis no, er at me for fyrste gong har gått i aktiv og positiv dialog med mellom anna politiet, seier Fleur Frilund, innbyggjar i Christiania og medlem av pressegruppa deira, til BT.

Difor er det òg venta at mange av innbyggjarane sjølve deltek i arbeidet med å riva opp brusteinane.

Innbyggere fjerner brosteiner i Pusher Street i Christiania, København

Òg familiar bidrar til å fjerne brusteinar.

Foto: Ida Marie Odgaard / Ritzau/Scanpix/AP

Forventar ikkje bråk

Det heile vil gå roleg føre seg, trur København-politiet.

Aller fyrste steg var å fjerna hasjbuene i området. Like etter klokka 10 opplyste politiet at dei hadde fjerna 19 buer.

– Når me har gjort det og christianittane skal i gang, trekker me oss litt tilbake og lar det vere deira dag, seier visepolitiinspektør Simon Hansen til DR.

Han omtalar dagen som eit kjempestort framsteg.

Politi i Pusher street i 2018

Uniformert politi i Pusher Street har vore eit vanleg syn i fleire år, på grunn av kriminaliteten som følgjer med dopsalet.

Foto: Nils Meilvang / Ritzau/Scanpix

Før gata vart stengd laurdag, har politiet gjennomført fleire prøvestengingar.

Gata vart til dømes stengd i tre dagar like før påske, utan at politiet opplevde nokre store problem då.

Korleis gata skal sjå ut når ho er ferdig, er ikkje bestemt enno. Men innbyggjarane vil gjerne at ho skal fyllast av handel og kultur, skriv DR.

Heile prosjektet har ein prislapp på rundt 45 millionar danske kroner, eller rundt 70 millionar norske kroner.

Politi i Pusher street i Christiania november 2023

Christiania er ein av dei største turistattraksjonane i København. No kan det òg verte tryggare å opphalde seg der.

Foto: Mads Claus Rasmussen / Ritzau/Scanpix/AFP

Trur langarane vil dukka opp andre stader

Sjølv om dette kan bety at Christiania vert kvitt det openberre dopsalet og kriminaliteten som følgjer med, er det andre område i København som fryktar stenginga.

Nokre steinkast unna ligg bydelane Nørrebro og Christianshavn.

Innbyggjarane der trur at dopsalet vil flytta seg til deira gatehjørne når Pusher Street vert stengd, ifølgje DR og Berlingske Tidende

Demonstrasjon for legalisering av cannabis i Christiania september 2023

Bebuarar i Christiania har vore kjende som forkjemparar for legalisering av cannabis, men no vil dei ha narkotikalangarane vekk.

Foto: Emil Helms / Ritzau/Scanpix/AFP

Det er København-politiet førebudd på, seier Simon Hansen, spesielt i den fyrste perioden.

– Då ein del kanskje ikkje trur på at stenginga av Pusher Street er permanent. Å ta den trua frå dei vert den viktigaste oppgåva vår, for denne stenginga kjem til å skje, seier han til avisa.

Er du interessert i meir frå Utanriks? Høyr den nyaste podkasten frå utanriksredaksjonen:

SISTE NYTT

Siste nytt