Hopp til innhold

Donald Trump i retten: – Det er politisk krigføring

Donald Trump møtte i retten sikta for bedrageri. Frå vitneboksen angreip Trump dommaren, som allereie før rettsaken sa at Trump er skuldig.

Donald Trump i retten.

BEDRAGERI: Donald Trump saman med advokatane Chris Kise, Alina Habba, Robert Clifford før han vitna i bedragerisaka mot seg sjølv og Trump Organization.

Foto: AP

– Det er politisk krigføring. Folk i dette landet vil forstå det. Dei kjem ikkje til å like det. Det er politisk krigføring.

Det uttala Donald Trump på veg inn i rettssalen, før han sjølv skulle forklare i rettssaka mot han og familiefirmaet.

Donald Trump er skulda for å blåse opp tala sine i familiefirmaet Trump Organization, for å få betre vilkår hos bankar og forsikringsselskap.

I retten spør advokaten Kevin Wallace om Trump har oppgitt korrekte tal frå 2014 og framover.

– Eg håper det. Eg laga dei ikkje sjølv, men eg håper det, svarar Trump.

– Du veit ikkje? svarar advokaten.

–Eg går ut frå det. Eg har folk som eg betaler mykje pengar, seier ekspresidenten.

Trump sine eigedomar har feil verdi

I rettssalen blir Trump spurt om verdien på likningane sine. Noko som har vore sentralt i rettssaka, er verdien på Trump sine eigedomar. Trump svarar at han tidlegare tenkte at verdien på leilegheita si i Trump Tower var vurdert for høg.

– Eg trudde verdien var høg og vi endra det, seier den tidlegare presidenten.

Statsadvokat Letita James, seier at Donald Trump har sagt at leilegheita var over 30 000 kvadratfot med ein verdi på over 300 millionar dollar. Eigentleg var ho på 11 000 kvadratfot.

Tidlegare har Trump sagt at verdien på leilegheita var undervurdert. I retten måndag snur han og seier at vurderinga var for høg.

Donald Trump gir tommel opp til pressa før han tek lunsjpause i rettsaka.

Donald Trump gir tommel opp til pressa etter første del av rettssaka.

Foto: AFP

I vitneboksen seier den tidlegare presidenten at dei tilsette i bankane ikkje såg på rekneskapen deira:

– I løpet av denne galne rettssaka skal dei få forklare korleis prosessen er. Dei var lite opptatt av likningane, og meir opptatt av avtalen, seier Trump.

– Kan du få kontroll på klienten din?

Det er spent stemning mellom dommaren Arthur Engoron og den bedragerisikta ekspresidenten Donald Trump.

Sidan Engoron allereie har kome med ein kjennelse om at Trump er skuldig, har Trump kritisert dommaren.

– Mr. Kise, kan du få kontroll på klienten din? Dette er ikkje eit politisk møte. Dette er ein rettssal.

Det seier dommaren Arthur Engoron til Trump sin advokat Chris Kise.

I løpet av Trump si vitneforklaring gjentek frasane «la meg spørre igjen» og «svar på spørsmålet» seg.

Donald Trump i retten

Donald Trump i retten måndag.

Foto: Reuters

I vitneboksen sit presidentkandidaten åleine i ein skinnstol med hendene i kryss. Ifølgje New York Times ser Donald Trump trøytt ut.

Dommaren Arthur Engoron ber Donald Trump om å svare på spørsmåla heller enn å komme med politiske utspel.

– Nokre av svara dine svarar ikkje på spørsmåla. Du kan angripe meg, du kan gjere kva som helst, men svar på spørsmålet, seier Engoron til Trump.

Donald Trump seier med heva stemme til rettssalen at dommaren allereie har kalla han ein bedragar, og at det er Engoron sine kommentarar som er dei verkeleg bedragerske.

Trump ser rett fram og rettar høgrehanda mot dommaren. Engoron sjølv ser rett fram med sur mine.

– Ferdig? spør dommaren.

– Ferdig, seier ekspresidenten.

– Folk veit ikkje kor godt selskapet mitt er, seier Trump medan han angrip Statsadvokat Letita James for å ha tiltalt han:

– Fordi folk som deg går rundt og nedverdigar meg.

Les også Trump kjent skyldig i bedrageri

 Donald Trump

Skulda for bedrageri

New Yorks statsadvokat, Letitia James har tatt saka til retten mot Donald Trump. Ho involverer også Trump sine to eldste søner og familiefirmaet Trump Organization.

Dei er skulda for å ha lurt til seg betre vilkår hos banker og forsikringsselskap ved å blåse opp verdiane i selskapet.

Sjølv har Trump avvist alle skuldingar og hevdar verdiane heller har blitt undervurdert.

Den tidlegare presidenten har fleire gonger kalla etterforskinga og søksmålet for ei skam og eit angrep mot verksemda og familien. Trump meiner også at rettssaka er ei politisk motivert heksejakt av ein demokratisk dommar.

Donald Trump rettsak

Donald Trump på veg inn i rettssalen i New York.

Foto: Stefan Jeremiah / AP

Kjennelse før rettssak

Allereie i ein kjennelse 26. september slo dommar Arthur Engoron fast at USAs tidlegare president og selskapet er skuldig i bedrageri då han bygde eigedomsimperiet sitt.

I fleire land som praktiserer såkalla «common law», kan man i enkelte høve be om å få ei avgjersle frå dommaren før ei rettssak. Det kan ein dersom det ikkje er noko reell tvist om faktum i saka.

I rettsavgjersla kom det fram at Trump gjentatte gonger skal ha blåst opp formuen sin med opptil 3,6 milliardar dollar.

Dramatiske konsekvensar

Sidan dette er ei sivil sak risikerer ikkje Trump fengselsstraff. Men ein dom kan likevel svi kraftig. Han står i fare for å miste retten til å drive verksemd i New York. Det kan i realiteten bety at store delar av livsverket kollapsar.

I tillegg risikerer han ei bot på 2,5 milliardar kroner.

Førre veke måtte sønene Donald Trump Junior og Eric Trump forklare seg. Etter at far deira blei president i 2017, skal det i hovudsak ha vore dei som tok seg av drifta av Trump Organization.

 Donald Trump jr. i retten i New York

Donald Trump Jr. i retten i New York for å forklare seg i saka der faren Donald Trump, fleire familiemedlemmer, inkludert han sjølv og broren Eric, og familieselskapet Trump Organization er skulda for bedrageri.

Foto: AP

Donald Trump Junior sa i retten at han ikkje kunne huske å ha jobba med dokumenta som handla om Trump sin økonomiske tilstand. Han seier at han signerte erklæringar i kraft av stillinga han hadde, men at sjølve jobben var det eksterne revisorar og selskapet sin dåverande finansdirektør Allen Weisselberg som gjorde.

Trump sjølv er rasande over at barna blir trekte inn i rettssaka.

– La barna mine vere i fred, Engoron. Du er ei skam for juriststanden, skreiv Donald Trump i sosiale medium onsdag morgon. Bodskapen var retta til dommar Arthur Engoron.

Dommer Arthur Engoron sammen med rettsassistent Allison Greenfield

Dommar Arthur Engoron saman med rettsassistent Allison Greenfield. Greenfield har fått fleire kommentarar frå Trump på sosiale medium.

Foto: AP

Trass i at Trump har fått munnkorg og ikkje har lov til å snakke offentleg om dei tilsette i retten, har han brote dette to gonger. Eit utspel mot Engorons øvste fullmektig førte til ei bot på 15.000 dollar – snautt 170.000 kroner.

Seinare denne veka dreg saka seg til. Då skal Ivanka Trump vitne mot i rettsaka.

Eit fast grep rundt veljarane

Midt oppi rettssaka viser den siste meiningsmålinga frå New York Times at ekspresident og utfordrar Donald Trump ligg mellom 4 og 10 prosentpoeng framfor Joe Biden i fem viktige delstatar.

Dersom det var val i dag ville Trump vunne Pennsylvania, Michigan, Georgia, Arizona og Nevada. Det vil seie i fem av dei seks delstatane som er venta å bli viktige i valet neste år.

Den einaste av dei seks delstatane som ville gått til president Joe Biden er Wisconsin.

Gjennomsnittet for dei seks statane viser ei oppslutning på 44 prosent for Biden og 48 prosent for Trump.

I 2020 vant Biden i alle seks statane.

Den ferske meiningsmålinga viser at Trump har eit fast grep om veljarmassen. Han ligg også langt framfor dei republikanske utfordrarane for å bli republikanarane sin presidentkandidat.

SISTE NYTT

Siste nytt