Hopp til innhold

Dødstala stig etter Pakistan-terror

Over 100 menneske vart drepne i terror-aksjonen i eit uroleg stammeområde nordvest i Pakistan i går.

Video Flere bomber på et markedsområde i Pakistan

VIDE: Angrepet ramma eit marknadsområde i byen Jakaghund.

Oppjusteringa av talet på døde kjem etter at leitemannskapa fann fleire lik under samanraste bygningar. Også dei lokale sjukehusa oppjusterte sine dødstal etter at fleire av dei hardast såra døydde.

Sjølvmordsaksjonen fann stad i går føremiddag utanfor ein offentleg bygning i byen Jakaghund i den stamme-styrte regionen Mahmand.

Dette er nær grensa til Afghanistan, og USA har kalla dete oområdet for det farlegaste i verda.

Angrepet i går ramma også ein stor marknadsplass, og over 80 butikkar og salsboder vart øydelagde i dei to eksplosjonane. Det var mange kvinner og born blant dei drepne, blir det opplyst.

Sjølvmordsbombaren kom til området på motorsykkel, men det var truleg ei kraftig bilbombe i tillegg.

Både Taliban og Al Qaida-nettverket skal stå sterkt i dette området.

LES OGSÅ: 56 drept av bomber i Pakistan

SISTE NYTT

Siste nytt