Hopp til innhold

Dødelege opptøyar i Haiti – presidenten nekter å gå av

Dei kraftige protestane er retta mot presidenten i Haiti, som er skulda for korrupsjon. Han nektar å gå av, og svarer at dei får vente til det blir deira tur.

Haiti

Onsdag skal seks personar ha mista livet då ein regjeringsbil køyrde inn i ei folkemengde.

Foto: Dieu Nalio Chery / AP

I hovudstaden Port-au-Prince mista seks personar livet då ein regjeringsbil køyrde inn i ei folkemengde på onsdag.

– Mannen min var på veg heim frå jobb. Dei sa til meg at det hadde vore ei ulykke, og at mange var drepne. Eg gjekk ut for å sjå, og der fann eg mannen min død, seier Saintphar Uvens Derives til nyheitsbyrået AP.

Ifølgje talsmann Michel-Ange Louis-Jeune i politiet mista sjåføren kontrollen over bilen då eit av hjula fall av.

Hendinga førte til endå meir sinne blant folk, som for fjerde dag på rad var ute i gatene og demonstrerte. I løpet av dei siste dagane er minst ti personar drepne, og fleire skadde under protestane.

Opposisjonsgrupper oppmoda også til ein streik, og onsdag var både skular, bankar, butikkar og regjeringsbygningar stengde fleire stadar i landet.

Haiti

Det har vore kraftige opptøyar i Port-au-Prince dei siste dagane.

Foto: Dieu Nalio Chery / AP

Vil kaste presidenten

Demonstrantane krev at president Jovenel Moïse går av. Dei meiner at han ikkje har etterforska skuldingane om korrupsjon mot Petrocaribe, eit subsidiert venezuelansk energiprogram.

Ifølgje to rapportar frå Senatet i Haiti, har offisielle tenestemenn og leiarar i private firma, underslått eit lån frå Venezuela på minst to milliardar dollar. Eit av selskapa som er nemnde i rapportane er eigd av Moïse.

Desse pengane skulle ha blitt brukt til å byggje opp landet, som framleis slit etter det kraftige jordskjelvet i 2010.

– Vi er ikkje interessert i å forhandle, seier advokaten Andre Michel, til avisa Miami Herald.

Han har vore blant dei som har organisert demonstrasjonane og har gått hardt ut mot presidenten. Han seier at det einaste valet er å fortsette å krevje at Moïse går av.

– Ein president må vise at han høyrer på folket, seier Michel.

Nektar å gå

Jovenel Moïse

President Jovenel Moïse nekta å gå av, trass store protestar frå folket.

Foto: Stephanie Keith / AFP

Moïse har halde ein låg profil under opptøyane, men onsdag kveld heldt han ei kort tale, der han trekte fram retten til å demonstrere: Han nektar likevel å gå av.

– Folket har valt meg som president i frie og rettferdige val. Opposisjonen må vente til neste val for å kome til makta, sa han, utan å kommentere korrupsjonsskuldingane.

Han sa også at demokratiet krev at ein må følgje spelereglane, slik det står i grunnlova.

Jerry Tardieu er medlem av underhuset i Haiti, og seier at han ikkje var imponert over tala til presidenten.

– Nok ein gong har presidenten latt vere å bruke ein unik sjanse til få ein slutt på frykta og angsten til det haitiske folket, og leggje ei klar plan for å få ein slutt på krisa, sa Tardieu.

Han ber presidenten om å gå av, fordi han meiner det vil vere det beste for folket.

SISTE NYTT

Siste nytt