"Prestige" forliste utanfor den nordspanske regionen Galicia sist tysdag. Den spanske avisa El Pais skriv i dag at oljen også er giftigare enn enn det ein først trudde. Oljen inneheld 2,58 prosent svovel, medan det normale i Europa er 1 prosent.
OLjetankaren "Prestige" før han brakk og to og forsvann i havet. (Reuters/Scanpix-foto)
Avisa si kjelde er ekspertar i krisekomiteen i La Coruna.
Det er ulike meiningar om kor alvorleg oljeutsleppet er. Fleire ekspertar meiner at oljen kan stivne på havbotnen, og såleis ikkje utgjer ein fare for miljøet. Dersom oljen ikkje stivnar, men stig til overflata, kan Spania oppleve ein av dei verste miljøkatastrofene nokon gong, dobbelt så stor som utsleppa frå "Exxon Valdez" i Alaska i 1989.
Styresmaktene i Galicia har håp om at frålandsvind skal avgrense dei miljømessige skadane på kystområda.