Hopp til innhold

Direkte samtalar om soldatar

Britiske og iranske styresmakter  er no i direkte samtalar for å prøve å løyse striden rundt dei 15 britiske soldatane som blir haldne fanga i Iran.

TV-bilde av en av de 15 britiske marinesoldatene som ble pågrepet i Persiabukta.
Foto: AP

Den iranske sjefforhandlaren Ali Larijani, som også er sekretær for det nasjonale tryggingsrådet, opplyser dette til statlege iranske media i dag.

I går sa Larijani sa i går at det ikkje er naudsynt å stille britane for retten, på grunn av det han kalla ei endring i britiske styresmakter si haldning. Han sa også at han har godt håp om ei løysing.

 

 

 

Irans sjefforhandler Ali Larijani
Foto: Stringer/Iran / Scanpix/Reuters

 Det var fredag 23. mars at dei 15 britiske soldatane vart pågripne under ein rutineoperasjon i Persiabukta. Britane sjekka lasten på eit skip som var på veg til hamn i Irak.

Storbritannia seier dei er sikre på at dei 15 oppheldt seg i irakisk farvatn, medan Iran held hardt på at dei var i iransk farvatn.

Statsminister Tony Blair seier i dag at dei to neste dagane er "kritiske" i forhold til å få til ei løysing, samstundes som han ser ein sjanse for framgang.

Iransk fjernsyn har vist fleire innslag med dei 15 britane der dei "vedgår" å ha opphalde seg ulovleg i iransk farvatn. Dette har ført til skarpe reaksjonar frå London, som meiner at soldatane har blitt pressa til å tilstå.

Britiske styresmakter meiner det også er i strid med internasjonale reglar for korleis ein skal behandle soldatar i fangenskap.

SISTE NYTT

Siste nytt