Hopp til innhold

Difor er det så vanskeleg for palestin­arane å sleppe ut av Gaza

Onsdag fekk eit avgrensa antal såra palestinarar og utlendingar passere den egyptiske grensa til Gaza. Men opninga må ikkje overdrivast, understrekar ein Midtausten-forskar.

Røykskyer stig opp frå Gazastripa etter å ha blitt bomba av israelske styrkar 29. oktober

Røykskyer stig opp frå Gazastripa etter å ha blitt bomba av israelske styrkar i går.

Foto: FADEL SENNA / AFP

Etter at Hamas gjekk til åtak på Israel blei 2 millionar menneske innesperra på Gazastripa. Onsdag blei grensa til Egypt opna for opp mot 500 utanlandske statsborgarar i Gaza.

Samstundes er det venta at opp mot 90 såra palestinarar får kome over grensa for å få medisinsk behandling. Allereie har fleire fått passere.

Grensa vil vera open også i morgon, opplyser palestinske myndigheiter.

Midtøsten-forskar Erik Skare ved Universitetet i Oslo understrekar likevel at ein ikkje må overdriva betydninga av den delvise opninga i dag.

– Vi veit ingenting om kor lenge grensa vil vere open. I tillegg er det berre snakk om eit sterkt avgrensa talet på palestinarar som får sleppe ut. Det er framleis ei enorm humanitær krise i Gaza, seier Skare.

Einaste veg ut av Gaza

Ut frå Gazastripa er det tre grenseovergangar til omverda. Ei mot Egypt i sør, og to mot Israel i sør og nord.

Under Hamas sine terroråtak 7. oktober blei grenseovergangane Erez og Kerem Shalom brukt for å kome seg inn i Israel, ifylgje Faktisk.no.

I etterkant blei begge stengd av israelske styresmakter.

Det medførte at Rafah-overgangen på sørlege Gaza mot Egypt blei einaste veg ut av krigsområdet.

Egyptiske hjelpearbeidarar veivar med flagg då dei fyrste lastebilane passerer grenseovergangen inn til Gaza.

Egyptiske hjelpearbeidarar feirar dei fyrste lastebilane som blei tillatne å køyre over grensa til Gaza.

Foto: KEROLOS SALAH / AFP

Einige om å auke tempo på naudhjelp

Fram til juli i år var det i snitt 27.000 menneske som passerte Rafah-grensa kvar månad, ifylgje FN sitt kontor for koordinering av humanitær innsats (OCHA).

Laurdag 21. oktober tillèt Israel dei fyrste køyretøya å passere grensa inn i Gaza frå Egypt. Fram til no har det kome 84 lastebilar med mat, medisinar og andre varer inn til Gaza.

Søndag hadde den amerikanske presidenten samtalar med både den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu og den egyptiske presidenten Abdel Fattah el-Sisi.

Etter å ha lagt vekt på behovet for naudhjelp i samtalen med Netanyahu, skal Sisi og Biden ha blitt samde om å auke tempoet på hjelpa og storleiken på leveransane, ifylgje Det kvite hus.

Les også Sjå kartet over Midtausten: Dette fjellområdet kan igjen bli aktuelt

Golanhøgda

Vanskeleg også før krigen

Gazastripa har vore under egyptisk og israelsk blokade sidan sommaren 2007. Blokaden oppstod som ein reaksjon på at den islamistiske militsen Hamas tok kontroll over det palestinske territoriet.

Egypt og Israel stramma då betrakteleg inn på flyten av både varer og menneske.

Allereie før 7. oktober var grenseovergangen til Egypt i praksis berre open for utanlandske statsborgarar og palestinarar med særskilt løyve.

Les også Hamas: Kva står dei for og kven er leiarane?

hamas-krigarar poserer med våpen. balaklava og grønne panneband.

Vil ikkje gi Hamas fritt leide

Palestinarane sitt naboland i sør har fått mykje kritikk for å ikkje la folk kome ut av Gaza. Det gjeld både utanlandske statsborgarar og internt fordrive palestinarar.

I midten av oktober var det 200 norske statsborgarar i Gaza, som ikkje kom seg ut med stengd grense.

– Sjølvsagt har vi medkjensle. Men samstundes må vi alltid bruke hovuda våre til å nå fred og tryggleik på ein måte som ikkje kostar oss for mykje, sa den egyptiske presidenten Abdel Fattah el-Sisi etter krigen starta.

Den franske presidenten Macron og den egyptiske presidenten Abdel Fattah el-Sisi

Den franske presidenten Macron og den egyptiske presidenten Abdel Fattah el-Sisi i Kairo.

Foto: POOL / Reuters

Uroa som styresmaktene i Kairo kjenner på er seriøse og legitime, ifylgje den tradisjonelt sett Israel-venlege tenkjetanken Washington Institute.

Egypt har etter deira utsegner allereie 9 millionar flyktningar frå ulike land.

– Ein flaum av palestinske flyktningar vil ikkje berre utgjere humanitære og økonomiske utfordringar, men også tryggleiksmessige og politiske utfordringar, skriv tenkjetanken.

Eit anna moment er faren ved at personar med tilknyting til Hamas skal kunne få fritt leide inn i Egypt. Frykta til det militære styret i Egypt er at palestinske islamistar og jihadistar skal føre til vald og uro inne i landet.

– Så har dei heller ikkje lyst å gå mot USA og Israel, sidan landet er stor mottakar av amerikansk økonomisk støtte. Det seier fyrstelektor i Midtausten-studiar ved Universitetet i Oslo, Dag Henrik Tuastad.

Dag Henrik Tuastad

Fyrstelektor i Midtausten-studiar ved Universitetet i Oslo, Dag Henrik Tuastad, seier Hamas ikkje ynskjer at palestinarane skal forlate Gaza.

Foto: Frode Fjerdingstad / Frode Fjerdingstad

Trur Egypt fryktar permanent evakuering

Skare seier at Gaza alltid har vore sensitivt for Egypt.

– Og særleg for Sisi-regimet. Sisi er ingen venn av Hamas og har heller inga interesse av at Hamas skal overleve på Gazastripa. Dei fryktar også at ei storstilt evakuering frå Gaza vil bli permanent, slik det har blitt i andre arabiske land, seier han.

Han peikar også på at Egypt slit økonomisk.

– Dei har mykje gjeld. Det kan tenkjast at Egypt vil leggje press på Vesten for å få sletta delar av gjelda si om dei opnar grensa. Den opninga vi no ser, har skjedd gjennom forhandlingar med Egypt, Israel og Hamas, som mellom anna har vorte fasilitert av USA og EU, seier Skare.

Les også Hamas krever nødhjelpsgrep fra Egypt

Et bilde tatt fra Israels sørlige by Sderot viser røyk som stiger opp under israelsk bombardement av Gazastripen 29. oktober 2023, midt i pågående kamper mellom Israel og den palestinske Hamas-bevegelsen.

Hamas skulda for å gøyme seg blant sivile

– Hamas ynskjer ikkje at palestinarane skal forlate Gaza, seier Dag Henrik Tuastad.

Tuastad peikar på at to tredelar av den palestinske befolkninga er flyktningar eller etterkommarar av flyktningar som blei fordriven frå Israel då staten blei oppretta i 1948.

Skare seier det har vore rapportar om at Hamas held igjen palestinarar i Gaza.

– Men det er førebels ingenting som stadfestar desse rapportane, og ingenting som tyder på at Hamas har evna til det heller. Dei har nok bede innbyggjarane på Gaza om å vere standhaftige og stå ved posten sin. Men ingenting tyder på at dei bruker tvang eller maktbruk for at det skal skje, seier han.

Ein anna grunn finn ein i Hamas sine militære planar.

– Ein del av strategien er å skjule seg blant sivilbefolkninga utan at Israel veit kven som er del av Hamas, og kven som ikkje er det, seier Tuastad.

Hamas blir ofte kritisert for å gøyme seg blant sivile. Skare understrekar at Gaza er eit av verdas tettast folkesette område.

– Når det blir poengtert at Hamas skyt rakettar frå nærleiken av skular, moskear og andre sivile område, må det understrekast at alt i Gaza er i nærleiken av slike område. Det betyr ikkje at Hamas på noko måte er friteken for ansvaret til å følge krigens reglar, men eg trur ikkje ein tek innover seg kor folkerikt Gaza faktisk er, seier Skare.

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.