Hopp til innhold

Jemen etterforskar 26 nye pakkar

Politiet i Jemen undersøkjer laurdag 26 nye mistenkjelege pakkar, etter gårsdagens funn av to fly-bomber.

Nye pakkar vert etterforska i Jemen

Politiet i Jemen er på vakt etter at det i går blei funne bomber sendt frå Jemen på veg til USA.

Foto: Khaled Abdullah / Reuters

Fredag stadfesta den amerikanske presidenten at dei to pakkane som blei stogga på veg frå Jemen til USA, inneheldt eksplosiv.

Pakkane, som viste seg å vera bomber, blei funne på flyplassar i Storbritannia og Dubai, og kunne ha eksplodert om bord på flya.

I dag er 26 nye pakkar beslaglagde i Jemen. Ifølgje NTB skal ei kjelde i kontakt med etterforskarane ha uttalt at pakkane er stoppa på grunn av mistenkjeleg innhald.

Kraftfullt sprengstoff

Tilsette ved eit ikkje namngjeve flyselskap, og tilsette ved Sanaa lufthamn si fraktavdeling skal også vera innkalte til politiavhøyr.

Amerikansk etterretning ser på Al Qaida si gruppe i Jemen som den mest aktive i terrornettverket, ifølgje USA-korrespondent Jon Gelius.

– Dei viser til at det var denne gruppa som inspirerte ein mann i fjor på første juledag til å forsøkja å tenna på ei brannbombe om bord i eit passasjerfly på veg til Detroit, fortel han.

Det terroråtaket blei avverga, men sprengstoffet var av same type som no blei funne i dei to pakkana - det kraftfulle PETN (pentaerythritol).

– Kunne eksplodert på flya

Den britiske innanriksministeren Theresa May innstilte laurdag alle sendingar til eller via Storbritannia frå Jemen som skulle fraktast utan følgje av passasjerar.

– Eg kan stadfesta at innretninga fungerte og at den kunne ha eksplodert. Målet kan ha vore eit fly, og dersom den hadde vorte detonert, hadde flyet truleg styrta, sa May.

Obama i samtalar med Jemen

USA sin president, Barack Obama ringte umiddelbart til presidenten i Jemen då han natt til fredag vart informert om terrortrugselen. Ifølgje Gelius er det innleidd eit særdeles tett samarbeid mellom dei to statsoverhovuda.

Obama har også ringt til Kong Abdullah av Saudi Arabia og den britiske statministeren David Cameron for å diskutera det feilslåtte terrorforsøk, melder Det kvite hus laurdag.

Hjelp frå Saudi-Arabia skal ha vore avgjerande for å få avdekt gårsdagens terrorforsøk. Også Dei sameinte arabiske emirata, Jemen og Storbritannia skal ha bidrege med opplysningar undervegs i etterforskinga.

SISTE NYTT

Siste nytt