Hopp til innhold

Her kjem dei russiske soldatane heim: – Alt her luktar død no

Dei kjem frå fattige republikkar du truleg aldri har høyrt om. Dei russiske soldatane kjempar for Putin, men først og fremst krigar dei for pengar.

Burjatia: Russiske soldatar blir gravlagde i ein idrettshall.

BURJATIA: I ein idrettshall i Burjatia blir russiske soldatar gravlagde på løpande band. Lukta frå dei daude kroppane sit i veggane, saman med dufta frå røykelsen til dei buddhistiske munkane.

Foto: Elena Trifonova / People of the Baikal

– Alt her luktar død no, seier Tatyana til den uavhengige avisa «People of the Baikal».

Sonen hennar trenar bogeskyting i idrettshallen som ligg i Ulan-Ude, hovudstaden i den vesle russiske republikken Burjatia.

Borna held fram med bogeskytingstreningar i den eine delen av hallen. Den andre delen av hallen blir brukt til å halda gravferder på løpande band. Dei unge russiske soldatane har blitt drepne i krigen i Ukraina.

BURJATIA: I den fattige republikken, som ligg midt i den sørlege delen av Sibir, blir russiske soldatar gravlagde på løpande band.

I den fattige republikken, som ligg midt i den sørlege delen av Sibir, blir russiske soldatar gravlagde på løpande band.

Foto: Karina Pronina / People of the Baikal
I den eine delen av idrettshallen er det gravferd for russiske soldatar. I den andre delen av hallen skyt born med pil og boge.

I den eine delen av idrettshallen i Ulan-Ude i Burjatia held dei gravferder. I den andre delen skyt born med pil og boge.

Foto: Elena Trifonova / People of the Baikal
I Burjatia nyttar dei idrettshallen til å halda gravferder for russiske soldatar drepne i Ukraina.

I idrettshallen har dei halde gravferder sidan byrjinga av mars.

Foto: Elena Trifonova / People of the Baikal

Det tar lang tid å frakta dei frå slagmarka og heim til Sibir. Lukta frå dei daude kroppane sit i veggane, saman med dufta frå røykelsen til dei buddhistiske munkane.

Slik ar det vore sidan byrjinga av mars, ifølgje den lokale avisa, som har gitt NRK lov til å bruka bilda dei har tatt.

Store tap

Russland vil ikkje erkjenna det, men etter vel to månadar med krig er dei russiske tapstala store.

Ukraina opererer med at det skal vera 25.000 døde russiske soldatar. Britiske styresmakter anslår at tapstalet på russisk side er 15.000 soldatar.

– Talet på skadde soldatar er gjerne betydeleg høgare enn talet på falne, seier Tobias Sæther, forskar ved Stabsskolen.

Gravferd i byen Vladikavkaz for ein russisk soldat som blei drepen i Ukraina.

VLADIKAVKAZ: Sørgjande tek farvel med Ruslan Kozayev, ein russisk soldat som blei drepen i krigen i Ukraina. Bileta er tekne 8. april.

Gravferd i Vladikavkaz. Russisk soldat drepen i Ukraina.

Vladikavkaz er hovudstaden i den russiske republikken Nord-Ossetia i Nord-Kaukasus.

Slektningar tek farvel med ein russisk soldat som blei drepen i krigen.

Ein annan familie tek farvel med Vitaly Dyadyushko som blei drepen i krigen.

Gravferd for russisk soldat drepen i krigen i Ukraina.

I Nord-Ossetia er befolkninga ortodokst kristne. Ein ortodoks prest held gravferda.

Gravferd for russiske soldatar som blei drepne i Krigen i Ukraina. Biletet er teke i byen Vladikavkaz i Nord-Kaukasus.

Graver til russiske soldatar som blei drepne i krigen i Ukraina.

Menn frå byar som Moskva og St. Petersburg er skåna for å bli sende ut i krigen. Ifølgje forskarar som NRK har snakka med er det derimot to andre stadnamn som går igjen: Burjatia og Dagestan.

– Alt tyder på at provinsregionar i Kaukasus, Sibir og Russlands fjerne Austen har betalt ein uforholdsmessig høg pris for krigen i Ukraina, seier Kristian Åtland, sjefforskar ved Forsvarets forskningsinstitutt (FFI).

Økonomisk motiv

Mange av dei som tenestegjer i dei væpna styrkane til Russland er etniske minoritetar og kjem nettopp frå slike regionar. Burjatia, som ligg i Sør-Sibir, og Dagestan, som ligg i Nord-Kaukasus, er blant dei fattigaste republikkane i landet.

Medan gjennomsnittleg BNP per innbyggjar i Russland i 2020 var 641.000 (som svarar til om lag 92.000 norske kroner), låg gjennomsnittleg BNP per innbyggjar på 240.000 rublar i Dagestan og 308.000 rublar i Burjatia, fortel forskar ved OsloMet, Jørn Holm-Hansen.

Bilete av byen Makhatsjkala, som er hovudstad i den russiske republikken Dagestan i Nord-Kaukasus.

Bilete av byen Makhatsjkala, som er hovudstad i den russiske republikken Dagestan i Nord-Kaukasus.

Foto: GRIGORY DUKOR / Reuters

– Ein kan difor sjå føre seg at vernepliktige unggutar, utan så mange framtidsutsikter heime, let seg freista til å verva seg og tena betre pengar, seier han.

I tillegg har mange av menneska i desse regionane stor kredittkortgjeld, seier Irina Anisimova som er postdoktor i framandspråk ved UiB. Teneste i militæret vil letta på kredittgjelda.

– Det er i alle fall løftet, seier ho.

Bol'shoi Kunalei, ein landsby i republikken Burjatia.

Bol'shoi Kunalei, ein landsby i republikken Burjatia.

Foto: MAXIM SHEMETOV / Reuters

Kontraktssoldatar

Regionane har høg arbeidsløyse og eit lågt utdanningsnivå. Å få tak i jobb er dermed vanskeleg. Om ein skulle vera heldig å få tak i jobb, er lønningane usle.

Med jobb i militæret får dei russiske soldatane truleg utbetalt mellom 15.000 og 20.000 norske kroner i månaden, ifølgje ekspertane NRK har snakka med.

– Det er langt meir enn kva dei nokon gong ville ha tent om dei fekk ein jobb på heimstaden, seier Sæther.

Men korleis blir soldatane rekrutterte?

Militæret i Russland er bygd på er eit slags hybrid system: Det består av vernepliktige-, men også såkalla kontraktssoldatar.

President Vladimir Putin i Dagestan. Bilete er teke i 2019.

President Vladimir Putin i Dagestan. Bilete er teke i 2019.

Foto: Alexei Nikolsky / AP

Kristian Åtland ved FFI seier han har inntrykket av at kontraktssoldatane blir rekrutterte gjennom oppsøkjande verksemd i regi av dei regionale rekrutteringskontora til dei væpna styrkane og utlysingar og annonsar i ulike medium og i veteranmiljøa.

Una Hakvåg som er seniorforskar ved FFI seier at truleg meir enn halvparten av kontraktssoldatane blei rekrutterte frå Søndre militærdistrikt, det vil seia Nord-Kaukasus, i 2020.

– Det er krav om å ha avtent verneplikt eller tenestegjort på kontrakt for å få mange jobbar i staten. Dette er nok ein viktig motivasjonsfaktor for kontraktsteneste, særleg i Nord-Kaukasus, seier ho.

Fryktar mobilisering

Amund Osflaten, kaptein ved Krigsskulen, seier han i utgangspunktet hadde den oppfatninga at for mange drepne og skadde russiske soldatar ville gjera den russiske propagandaen vesentleg mindre effektiv.

– Men når dei fleste er frå perifere, fattige og ikkje-russiske område er det ikkje sikkert den russiske befolkninga får «kjensla» av dei store tapa likevel seier han.

– Burjatia, Dagestan og Vladikavkaz er alle ikkje-russiske område etnisk sett, legg han til.

Framleis omtalar Putin krigen i Ukraina som ein «spesialoperasjon». Samstundes blir det spekulert i om han 9. mai, vil gå frå å snakka om ein «spesialoperasjon» til å snakka om «krig».

Les også Hva vil Putin si på «Seiersdagen» 9. mai?

Demonstrasjon av russisk militærmakt på fjorårets Seiersdag, 9. mai.

– Dersom Putin erklærer krig, vil han få tilgang på større mannskapsstyrkar, seier Tobias Sæther ved Stabsskolen.

Men medan ukrainarar kjempar for landet sitt med høg moral, er det langt mindre attraktivt å vera russisk soldat i Ukraina. Kristian Åtland ved FFI trur krigen vil bli endå meir upopulær om Putin annonserer opptrapping av krigen.

– Då vil også middelklassegutar frå Moskva og St. Petersburg måtta belaga seg på å måtta bæra sin del av byrda, slik fattige dagestanarar og burjatar langt på veg har gjort til no, seier han.

SISTE NYTT

Siste nytt